Tom Georg Indrevik og Sara Hamre Sekkingstad gler seg over stor oppslutnad om landstinget i LNK.Ved utgangen av 2024 var LNK samansett av 85 kommunar, tre fylkeskommunar og 17 regionråd/andre interkommunale selskap. LNK skal arbeida for å skapa positive haldningar til nynorsk språk og kultur og for at kommunane og styresmaktene tek desse sakene opp gjennom sine planverk.
Det er 14 år sidan det har vore så god oppslutnad om landstinget som dette året. Over 100 deltakarar var på plass ved konferansestart på tysdag.
Ordførar Tom Georg Indrevik understreka at språket er viktig for identiteten vår.
- I Øygarden er det stor semje om at Øygarden skal vera ein nynorskkommune. Øygarden kommune vedtok språkbruksplanen allereie i november 2019, altså en god månads tid før den nye kommunen vart etablert i januar 2000. Dette var den første planen den nye kommunen vedtok. Det er vi stolte av, sa ordføraren.
Øygarden kommune ønskjer at flest mogleg elevar held fast på nynorsk som hovudmål i heile grunnskulen.
- Diverre er det mange som skiftar frå nynorsk til bokmål ved overgangen frå barneskulen til ungdomsskulen, sa ordføraren.
Dårlege skriveprogram
Alverordførar Sara Hamre Sekkingstad er styreleiar i LNK. I leiartalen til landstinget viste ho til at organisasjonen har vore aktiv i å tilby kurs og at dei ulike nettstadene til LNK har hatt over eín million visningar. LNK arbeider for at medlemene skal vera stolte nynorskbrukarar.
Ho er glad for vedtak om at skriveprogram skal støtta nynorsk og bokmål.
- Likevel, stavekontrollen er så dårleg at han er direkte skadeleg, sa ho.
Det ligg føre fråsegn frå LNK-tinget der det vert vist til at stavekontrollane til dei store selskapa Google, Microsoft og Apple er så dårlege at dei hindrar elevar i å læra korrekt norsk, og undergrev den demokratiske kontrollen over språket vårt.
Sara Hamre Sekkingstad kommenterte ekstraløyvinga til språkdeling på ungdomssteget.
- Pengane er ujamt fordelte. Oslo får 11 millionar kroner, men har berre to nynorskelevar. Staten må visa ansvar for å retta opp dette, sa styreleiaren.
Statssekretær i Kultur- og likestillingsdepartementet, Trude Storheim, var sjølvkritisk då det vart avdekt at hennar departement kom svært dårleg ut når det gjeld omfanget av nynorskbruken.
- Språklova seier at offentlege organ skal bruka norsk og særleg fremja nynorsk, sa ho. Også ho var oppteken av at stavekontrollane må stava rett.
Frå konferansesamlinga på tysdagAuka målbyte
Høgskulelektor på Nynorsksenteret og lektor på Fjell ungdomsskule, Jorid Saure, snakka om korleis vi kan hindra språkbyte. Øygarden er ein randsone og utviklinga med fleire bokmålsbrukarar i skulen har særleg auka etter at det kom bru mellom Bergen og Sotra på 1970-talet.
Særleg det siste skuleåret har bokmålsdelen auka på ungdomssteget. På Fjell ungdomsskule er det seks prosent av elevane (30 elevar) som har nynorsk som hovudmål. Nynorskdelen på Tranevågen ungdomsskule er 26 prosent, Øygarden ungdomsskule 37 prosent, og om lag 50 prosent av elevane på Sund ungdomsskule har nynorsk som hovudmål.
- Tiltak kan vera å ha god og motiverande sidemålsundervisning som motverkar negative haldningar blant bokmålselevane. Vi kan styrkja nynorskelevane si haldning og kompetanse i eige språk. Vi må også vera medvitne om nynorskdidaktikk og språklege rettar for nynorskelevane, sa Saure.
Jorid SaureSenterleiar på Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa, Høgskulen Volda, Synnøve Marie Sætre, var også oppteken av skriveprogramma.
- Google lova å få skriveprogram på plass i fjor, men leverandøren kjem elendig ut. Vi kan eigentleg ikkje kalla det skrivekontroll, sa ho. Også ho var oppteken at ein må finna ei finansiering som fungerer når det gjeld ekstramidlane til språkdeling i ungdomssteget.
Øygarden kommune er medlem i LNK og leiinga i kommunen deltok på landstinget med ordførar Tom Georg Indrevik og kommunedirektør Johnny Breivik i spissen. Fleire lærarar frå Øygarden deltok på den delen av konferansen som handla om nynorskopplæring.
Dagleg leiar i LNK, Svein Olav Langåker, gler seg stort over den store oppslutnaden om konferansen.
- Det er 14 år sidan vi har hatt så stor oppslutnad om landstinget. Dette er skikkeleg bra. Det er også flott at opp mot 20 lærarar frå Øygarden har delteke på den siste delen av konferansen på tysdag, seier Langåker som gjerne kjem tilbake til Øygarden.
Landstinget held fram på onsdag med tema om språkteknologi og kunstig intelligens, oppfølging av språkbruksplanar i kommunane, nynorsk inspirasjon og korleis ungdom kan engasjera seg i lokaldemokratiet.
Det var kultur- og musikkinnslag ved Vivian Steinsland og Yvonne Algrøy.
Vi har også teke LNK-tinget på pulsen i ny episode i podkasten Rådhuset. Podkasten vert publisert onsdag kl. 10.30.
Her er fleire bilete:
Tekst og bilete: Vigleik Brekke