Tilrår å redusera omfanget av mellombels forbod

Kommunedirektøren tilrår at mellombels forbod langs trasé for Vestprosess på Harkestad og i Svanevågen vert oppheva. Han føreslår vidare at det vert vedteke eit nytt mellombels forbod mot tiltak langs delar av røyrtraseen til Vestprosess, Troll kondensat og Oseberg transportsystem. Forslaget vart presentert på eit informasjonsmøte på Tjeldstø måndag kveld.

Frå informasjonsmøtet 2. juni. - Klikk for stort bileteFrå informasjonsmøtet på Tjeldstø 2. juni. Vel 90 personar møtte opp.

Kommunestyret tek endeleg avgjerd den 19. juni.

I mars 2022 vedtok kommunestyret mellombels forbod mot tiltak for trasé langs Vestprosess røyrleidning etter at Gassco hadde frårådd ytterlegare fortetting av bustader innanfor 210 meter frå midtlinja til røyret til kvar side av Vestprosessrøyret.

Equinor har i 2024/2025 gjennomført arbeid med revisjon av risikoanalysar for alle petroleumsrøyrleidningar på land i Noreg. Dette inkluderer fem røyrleidningar på land i Øygarden. Kommunedirektøren vurderer det slik at dei reviderte analysane gjev grunnlag for å oppheva mellombels forbod mot tiltak langs Vestprosess røyrleidning og erstatta det med eit avgrensa mellombels forbod mot tiltak med grunnlag i dei reviderte risikoanalysane.

Anerkjent metodikk

Det er nytta ein anerkjent metodikk for å handtera risiko knytt til røyrleidningar i arealplan. Denne metodikken er lovfesta som metode for alle anlegg som kjem inn under storulukkeforskrifta. Kommunedirektøren legg dette til grunn for å fastsetja omsynssoner og føringar i arealplan.

Metodikken inneber ei inndeling i ei indre-, midtre- og ytre sone. Innanfor desse sonene skal det gjevast føringar til kva tiltak eller type aktivitetar som det vert opna for eller ikkje opna for. 

Kommunen er ansvarleg for å til ei kvar tid leggja siste og best oppdaterte kunnskapsgrunnlag for sine vedtak og forvaltning. 

- Nye risikoanalysar kan endra biletet og gje behov for nye vurderingar. Utstrekning på forslag til nytt mellombels forbod som no vert lagt fram er basert på noverande situasjon og det kunnskapsgrunnlaget som ligg føre no, står det i saksutgreiinga.

Mindre omfang

Der risikobiletet går utover regulerte sikringssoner, eller arealbruken opnar for fortetting, vert det tatt utgangspunkt i midtre sone for å avgrensa mellombels forbodssone. Dette gjeld for Kollsnes, strekninga Harkestad til Sture, Hjartøy og eit område ved Åkletten. Dette inneber at det vert ei vesentleg mindre utstrekning på mellombels forbod på Harkestad og i Svanevågen. Det vert samstundes tilrådd mellombels forbod i område som tidlegare ikkje var påverka av det som i dag er gjeldande forbod, mellom anna langs Oseberg Transport System (OTS).

Eit mellombels forbod mot tiltak er eit svært inngripande tiltak, og kommunedirektøren vurderer det slik at kommunen ikkje har heimel til å oppretthalda det dersom det ligg føre ny kunnskap som talar for ein reduksjon i utstrekninga.

Formannskapet behandlar saka først den 10. juni. Her er oversikt over sakene som skal behandlast på møtet.


Red./foto Vigleik Brekke