Badesesongen nærmar seg for alvor

Temperaturen for tida fristar deg kanskje ikkje til å ta ein dukkert akkurat no, men ifølgje vervarselet skal temperaturen stiga utover i neste veke. Kampanjen «Heile Noreg badar trygt» oppmodar folk i bygd og by til å bada og ferdast trygt i og ved vatna.

Øygarden kommune

Målet med «Heile Noreg badar trygt» er å synleggjera det blå friluftslivet og gjera folk medvitne om trygg bading og ferdsle ved vatna. 

Her kan du lesa meir om kampanjen.

Badeplassar i Øygarden 

Det er seks offentlege tilrettelagde badeplassar i kommunen som er utstyrte med toalett, bord og benker, samt bosspann og offentleg ettersyn: 

  • Lislevika på Tjeldstø: Dette er ei langgrunn sandbadefjære eigna for barn. Her er lagt til rette med stupebrett, benker og bord. 
  • Ovågen/Skjelsanden: Dette er ei fin sandstrand i nærleiken av Kystmuseet i Ovågen. Det er tilrettelagt med toalett, bord, benker, redningsbøye og grusveg. 
  • Ormhilleren: Denne badeplassen er populær, særleg for dei som har små barn. Det er grunt og til dels sandbotn. Det er tilrettelagt med toalett, grusveg, bord og benker. 
  • Kårtveitpollen: Dette er ein badeplass med gapahuk, grill, svaberg og badefjære eigna for barn (langgrunt) med skjellsand.
  • Geitvika: På denne badeplassen er det sandstrand, grindebygg, bord og benker, godt eigna for små barn. Her er ei lang avtrappa natursteinsmur som kan nyttast til opphald og som gjev tilgang til sjø og bading. 
  • Smivågen på Tyssøyna: Dette er ein badeplass med fin sandstrand, svaberg og plen. Det  er populært for overnatting i telt eller småbåt.


Les meir om badeplassane her.

Øygarden kommune frårår at du badar i Blomvatnet på Blomøyna. Vatnet kan vera farleg. Les meir her.