Badeplassar

I Øygarden har vi seks offentleg tilrettelagde badeplassar, utstyrt med toalett, bord og benker, bosspann og offentleg ettersyn. Alle desse seks badeplassane har stort sett svært god badevasskvalitet og det vert teke bakterielle prøvar fem gonger i løpet av badesesongen (mai-september) for å sikra ei trygg og hyggeleg badeoppleving.

 I tillegg vert det teke prøvar frå Skiftedalsvatnet på Foldnes og Smånipatjørnet på Kausland då det er mange badande der. 

Offentlege tilrettelagde badeplassar

Andre badeplassar som ikkje er offentleg tilrettelagde

Heilårsbading/sauna

Heilårsbading har vorte meir og meir populært dei siste åra, og fleire tek seg ein dukkert uavhengig av kva dato kalenderen viser. Mange nyttar seg av ein av Øygarden sine offentlege tilrettelagde badeplassar, eller hoppar frå eit skjer eller ein kai med redningsstige. Dei siste åra har det òg dukka opp fleire flytande saunaer som tilbyr dampande varme mellom dukkertane. Vinteren på Vestlandet kan likevel som me veit vera våt, med mykje nedbør og veldig ofte i form av regn. Dette kan by på nokre utfordringar med tanke på vasskvaliteten.

Prøvetaking av badevatnet

Her kan du lesa meir om helserisiko ved friluftsbading.

Sjuk etter bading?

Vi vil høyra frå deg om du mistenkjer at du har blitt dårleg eller sjuk etter bading. Meld dette til postmottak@oygarden.kommune.no og merk e-posten med «til Kommuneoverlegen - sjukdom ved friluftsbading». 

Mykje nedbør = dårleg vasskvalitet

Store nedbørsmengder (over 30-40 mm) vil som regel gje mellombels dårleg vasskvalitet. Dette betrar seg som regel etter eitt til to døger. Les meir om dårleg badevasskvalitet ved mykje nedbør her.

Badetemperatur

Det vert ikkje tatt rutinemessige målingar av badevasstemperaturen, men vi måler og registrerer temperaturen ca. ein gang pr. månad i samband med prøvetaking av badevasskvaliteten (bakterieprøvar). Dette vert registrert hjå yr.no.