Prøvetaking av badevatnet
I Øygarden kommune er det stort sett svært god badevasskvalitet i båe sjø og i vatn. For å sikra ei trygg og hyggeleg badeoppleving, tek kommunen bakterielle prøver fem gonger i løpet av badesesongen (mai-september) på dei seks offentleg tilrettelagde badeplassane vi har i kommunen. I tillegg vert det teke prøvar frå Skiftedalsvatnet på Foldnes og Smånipatjørnet på Kausland då det er mange badande der.
Dette er ein del av vårt kontinuerlege arbeid for å oppretthalde høg vasskvalitet og sikra at badevatnet er trygt for alle. Dersom vi får resultat frå prøvane med høge verdiar av bakteriar, vert det annonsert på nettsidene til kommunen. Det vert også sett opp skilt der vi ikkje tilrår bading frem til verdiane har normalisert seg.
Det vert ikkje teke prøvar andre stader i kommunen, og vi oppmodar difor alle til å følgja dei lokale retningslinjene for bading:
- Unngå bading etter kraftig regn: Store nedbørsmengder kan føra til forureining av badevatnet, og vi tilrår difor å venta med bading til 1-2 døgn etter kraftig regn. Les meir om dårleg badevasskvalitet ved mykje nedbør her.
Kommunen overvaker derimot ikkje badevatnet andre stadar enn desse badeplassane, og det er difor viktig at du gjer di eiga vurdering av om det er trygt å bada andre stadar. Til dømes kan det vera høge konsentrasjonar av bakteriar i sjø eller vatn der det er mykje dyr eller fugl som oppheld seg. Dette kan til dømes vera i strandkanten på dammar/bukter/våger med lite vassutskifting. Det er då spesielt små barn som er mest utsette for å bli sjuke, då dei oppheld seg i strandkanten og gjerne et sand og drikk forureina vatn.
Ved symptom på sjukdom
Symptom på sjukdom forårsaka av forureina badevatn kan vera ulike infeksjonar som mage- og tarminfeksjonar, men også luftvegsinfeksjonar, øyre-/augeinfeksjonar. Om du mistenkjer at du har vorte smitta av bading i sjø eller vatn kan du melda dette til postmottak@oygarden.kommune.no og merka e-posten til Kommuneoverlegen med emne: sjukdom ved friluftsbading.
Badevassprøvane vert testa for E.coli og Intestinale enterokokkar. E.coli finst i avføring til menneske, dyr og fuglar. Dersom ein finn E.coli i tyder det på at det er ei ny eller pågåande forureining av vatnet. Intestinale enterokokkar finst også i avføring hjå menneske, men i lågare tal enn E.coli. Bakterien veks ikkje i vatn, men overlever lengre enn E.coli. Dersom ein finn intestinale enterokokkar, men ikkje E.coli, kan det tyda på at det har vore ei forureining av vatnet. E.coli og intestinale enterokokkar forårsakar normalt ikkje sjukdom, men indikerer at det kan vera andre sjukdomsframkallande bakteriar, virus og parasittar i vatnet.
Dersom ein av badevassprøvane skulle gje resultat som tilseier at kommunen ikkje kan tilrå bading, vil dette bli informert om i media, på nettsida til kommunen og ved den enkelte badeplassen. Det vil også takast oppfølgingsprøver.
Symjekløe
Prøvane vi tek kan ikkje seia noko om det er ikter i vatnet. Ikter er parasittar som kan gje symjekløe. Parasitten er ofte på grunt ferskvatn, der det er vassplanter, etter lange varmeperiodar. Den leitar etter andefuglar og er rekna som ufarleg for menneske, men nokre kan få ein allergisk reaksjon som gjev mykje utslett. Det er meldt om ikter i Signalvatnet i 2023, elles har vi fått få meldingar om ikter i Øygarden. Sjå meir om ikter her.
Blågrønalger/cyanobakteriar
Det som vert kalla blågrønalger er eigentleg cyanobakteriar. Dei kan bløme opp i næringsrike ferskvatn og produsera giftstoff. Ein kan sjå dei som blågrøne, grøne, gulgrøne eller rødgrøne flak eller belte langs vasskanten. Ved store mengder kan heile vatn verta misfarga. Ein kjenner ikkje til at menneske i Noreg er forgifta av denne algen, men husdyr kan døy av cyanobakteriar. Hundar er særleg utsette. Prøvane vi tek kan ikkje seia noko om verdiar av cyanobakteriar. Vi har ikkje fått melding om algeoppblomstring i vatn i Øygarden så langt i år. Les meir om cyanobakteriar her.