Her er ny vekerapport

I vekerapporten kan du lesa litt av det som har skjedd i veke 21.

Varslar mogleg streikeuttak

Øygarden er mellom 148 kommunar som kan verta ramma av streik frå 28. mai. Fagforbundet (LO) har varsla at 85 tilsette i Øygarden vert teken ut i streik dersom meklinga ikkje fører fram.
- Vi håpar å unngå streik. Dersom det vert streik, vil vi sjølvsagt følgja dei spelereglane som gjeld for ein slik situasjon, seier kommunedirektør Johnny Breivik.
Les meir.

107 fleire innbyggarar så langt i år

Første kvartal 2025 auka folketalet i Øygarden med 107 personar, viser nye tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).  Med dette er 40 212 personar busett i Øygarden kommune. Nesten halvparten av auken første kvartal kom av innanlandsk nettoinnflytting på 50 personar.
Les meir.

Skulestafett på Kolltveit

Det var god stemning og stort frammøte av foreldre då Kolltveit-elevane sprang skulestafett i stålande vèr på Kolltveit skule på onsdag. Ordførar Tom Georg Indrevik var også i år på plass på Kolltveit og sprang saman med elevar og rektor.
Les meir.

- Vi vil ta miljøansvaret på alvor

Tysdag overrekte ordførar Tom Georg Indrevik miljøfyrtårnsertifikat til Lieco Auto. 
-  Vi har kjeldesortert i mange år, seier Sara Tennebekk som er service- og ettermarknadsleiar i selskapet. Miljøfyrtårn er eit verktøy for sertifisering og miljøleiing som skal hjelpa bedrifter til å lukkast med den grøne omstillinga.
Les meir.

- Miljøfyrtårn er etterspurt

Måndag fekk VVS Fag AS overrekt miljøfyrtårnsertifikat frå ordførar Tom Georg Indrevik.
- Vi opplever meir og meir at kundane krev at vi er sertifisert, seier dagleg leiar Steinar Eide. VVS Fag AS starta arbeidet med å verta miljøsertifisert i 2022, men pandemien sett ein stoppar for framdrifta den første tid. Men no er det på plass.
Les meir. 

Auka skogbrannfare

Faren for skogbrann er oppgradert til oransje langs kysten av Rogaland og Vestland. 
- Det er uvanleg, seier statsmeteorologen til NRK. Faren gjeld til det kjem nedbør av betydning, i første omgang til sundag.
Les meir. 

Podkastepisode 13: Peter Frølich takkar Øygarden 

- Eg var rørt til tårene då eg såg den store brannbilen rulla over grensa til Ukraina. Det er stas å koma hit og seia tusen takk for bidraget frå Øygarden. 
Det seier stortingsrepresentant Peter Frølich som er styreleiar og sentral i etableringa av organisasjonen Fritt Ukraina. Kommunedirektør Johnny Breivik har invitert Frølich i denne episoden av podkasten Rådhuset.
Les meir.

- Eg har opplevd mykje nytt

Mia Haaland-Karlsen (9. trinn) på Fjell ungdomsskule har denne veka hatt arbeidsveke på rådhuset og følgd ordførar Tom Georg Indrevik og varaordførar Anita Garlid Johannessen i fem dagar.
- Det har vore ei veldig kjekk og lærerik veke, seier Mia.
Les meir.

Ordførar Tom Georg Indrevik denne veka (21)

  • 19.05.:  Møte med Eviny
                 Utdeling av Miljøfyrtårn
  • 20.05.:  Innlegg på arrangement for eldre – Beste årgang
                 Møte styrerepresentant i Trigger
  • 21.05.:  Stafett for Livet – Kolltveit Skule
                  Opning av Festspillene i Bergen
                  Festspelkonsert
  • 22.05.:  KS hovudstyre – Oslo
  • 23.05.:  Landsstyre KS – Oslo
  • 24.05.:  Vigsel
                  Mogleg besøk på speidarleir
  • 25.05.:  Straumemila

Ordføraren neste veke (22)

  • 26.05.-27.05.:  KS-samling for ordførarar og kommunedirektørar Voss
  • 28.05.:  Stafett for livet – Knappskog skule
                 Generalforsamling Eviny
  • 29.05.-30.05.:  Fri
  • 31.05.:  Opning Stafett for livet, Ågotnes
  • 01.06.:  Stafett for Livet Ågotnes

Varaordførar Anita Garlid Johannessen denne veka (21)

  • 19.05.:  Interne møte
                 Møte i ADMU
  • 20.05.:  Møte i hovudutval for opplæring og kompetanse (fylket)
  • 21.05.:  Trigger
  • 22.05.:  Sauafjellet barnehage
  • 23.05.:  Vigsel