Faren for skogbrann er oppgradert til oransje langs kysten av Rogaland og Vestland.
- Det er uvanleg, seier statsmeteorologen til NRK.
Ill.bilete
Det har vore knusktørre maidagar på Vestlandet til no i år. Når vinden aukar på utover tysdagen, fører det med seg eit oppgradert varsel for skogbrannfare langs kysten.
Faren gjeld til det kjem nedbør av betydning, i første omgang til sundag.
– Frå og med i dag og dei neste timane er det venta at vinden, stort sett frå nord, vil auka betydeleg til stiv og periodevis sterk kuling langs kysten, seier statsmeteorolog Susana Reuder.
Les meir på varsom.no.
Publisert 20.05.2025 16.15