107 fleire innbyggjarar så langt i år
Første kvartal 2025 auka folketalet i Øygarden med 107 personar, viser nye tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB). Med dette er 40 212 personar busett i Øygarden kommune.
Foto: ColourboxNesten halvparten av auken første kvartal kom av innanlandsk nettoinnflytting på 50 personar. Fødselsoverskotet bidrog med 29 personar, medan nettoinnvandring resulterte i 28 nye innbyggarar.
I løpet av første kvartal 2025 var veksten på 0,3 prosent i Øygarden. Til samanlikning auka folketalet med 0,5 prosent i Bjørnafjorden og 0,1 prosent i Bergen og Askøy. Alver kommune hadde ein liten nedgang på - 0,1 prosent i løpet av første kvartal.
Nasjonalt er veksten noko lågare enn på same tid dei siste åra, mykje fordi det kjem færre ukrainarar til Noreg enn tidlegare. I Øygarden har nettoinnvandringa første kvartal i hovudsak lege stabilt på i underkant av 30 personar dei siste åra.
Tekst: Kristina Espeseth
Publisert 22.05.2025 22.46