Frå venstre; ordførar Tom Georg Indrevik, service- og ettermarknadsleiar Sara Tennebekk, administrerande direktør i Liegruppen og styreleiar i Lieco AS Bjarne Haldorsen og økonomisjef Eli-Katrine Rong.Miljøfyrtårn er eit verktøy for sertifisering og miljøleiing som skal hjelpa bedrifter til å lukkast med den grøne omstillinga. Etter at bedriftene har dokumentert at dei kan få status som Miljøfyrtårn, er det klart for utdeling.
Lieco Auto er lokalisert i store og relativt nye lokale på Søre Straume. Selskapet driv bilsal og fullservice verkstad og har 28 tilsette. Omsetnaden i fjor var på om lag 180 millionar kroner. No sel Lieco Auto berre Huyndai, eit bilmerke som berre har el-bilar.
- Vi er nøye med å følgja opp gode rutinar for retur av olje og kjemikaliar, seier Eli-Katrine Rong som er økonomisjef og styremedlem i Lieco Auto.
Sara Tennebekk fortel at selskapet kontinuerleg må vedlikehalda krava til å vera miljøfyrtårnsertifisert.
- Det handlar mellom anna om å gjennomføra førstehjelpskurs. Vi har avtale om gjenvinning med Norsk Gjenvinning og returordning med andre firma. Vi sjekkar bruktmarknaden for om mogleg å bruka brukte delar. Vi kjem lengre ved offentlege anskaffingar dersom vi er miljøfyrtårnbedrift, seier ho.
Ordførar Tom Georg Indrevik besøkjer firma med jamne mellomrom for å dela ut miljøfyrtårn.
- Dette er etterspurt, og vi gler oss over at fleire og fleire bedrifter i Øygarden vert sertifiserte, seier ordføraren.
Tekst og foto: Vigleik Brekke