- Miljøfyrtårn er etterspurt

Måndag fekk VVS Fag AS overrekt miljøfyrtårnsertifikat frå ordførar Tom Georg Indrevik.
- Vi opplever meir og meir at kundane forventar at vi er sertifisert, seier dagleg leiar Steinar Eide.

dførar Tom Georg Indrevik, dagleg leiar Steinar Eide og fagingeniør Ronny Eide - Klikk for stort bileteFrå venstre; ordførar Tom Georg Indrevik, dagleg leiar Steinar Eide og fagingeniør Ronny Eide

Røyrleggjarfirmaet VVS Fag AS er lokalisert i Midtstegen industriområde i Skogsskiftet. Selskapet er ei familiebedrift. Rolf Eide, som er far til Steinar Eide og Ronny Eide i firmaet, etablerte firmaet i 1987. Firmaet er knytt opp mot VVS Eksperten.

Miljøfyrtårn er eit verktøy for sertifisering og miljøleiing som skal hjelpa bedrifter til å lukkast med den grøne omstillinga. Etter at bedriftene har dokumentert at dei kan få status som Miljøfyrtårn, er det klart for utdeling.

VVS Fag AS har til ei kvar tid minst ein lærling. Akkurat no har dei avtale om to lærlingar. Fagingeniør i firmaet, Ronny Eide seier at ved offentlege anbod er det krav om at lærlingar skal utgjera 10 prosent av timetalet.

VVS Fag AS starta arbeidet med å verta miljøsertifisert i 2022, men pandemien sette ein stoppar for framdrifta den første tida. Men no er det på plass.

- Vi kjeldesorterer og har avtale med Løvaas Maskin som fraktar vekk avfall. Vi skiftar mellom anna ut kobbar-, jern- og betongrøyr og sorterer dette. Vi tar vare på det som kan brukast. Dei tilsette støttar opp om arbeidet vi gjer for å stetta krava til sertifiseringa, seier Steinar Eide.

VVS Fag AS har 10-12 tilsette og har ein omsetnad på opp mot 20 millionar kroner i året. Innteninga har ifølgje leiinga vore god. VVS Fag AS har både private og offentlege kundar. Bergen Havn, Bergen kommune, Bustadstiftinga og ØyVAR er mellom kundane til selskapet. 


Tekst og foto: Vigleik Brekke