- Eg har opplevd mykje nytt

Mia Haaland-Karlsen (9. trinn) på Fjell ungdomsskule har denne veka hatt arbeidsveke på rådhuset og følgd ordførar Tom Georg Indrevik og varaordførar Anita Garlid Johannessen i fem dagar.
- Det har vore ei veldig kjekk og lærerik veke, seier Mia.

Frå besøket på Trigger. Frå venstre; Mia Haaland-Hansen, Anita Garlid Johannessen og Vanessa som styrer kantina. - Klikk for stort bileteFrå besøket på Trigger. Frå venstre; Mia Haaland-Hansen, Anita Garlid Johannessen og Vanessa som styrer kantina.

Dei første dagane følgde ho ordføraren på møte med Eviny og på utdeling av miljøfyrtårnsertifikat til VVS Fag og Lieco Auto. Ho fekk med seg samling for Beste årgang (77-åringar) i kultursalen og delta på stafett for livet på Kolltveit skule.

- Eg har opplevd mykje forskjellig ved å følgja dei begge. Eg har fått kunnskap om mykje eg ikkje visste om kommunen, seier ho.

Dei siste dagane følgde ho varaordføraren på avdelinga til Trigger AS på Straume, Gründerparken, Sauafjellet barnehage og innbyggartorget og biblioteket i Skogsskiftet. Den siste dagen var i Bergen der Bergensalliansen og Visit Bergen stod på programmet.

- Eg må seia at besøket på Trigger gjorde eit sterkt inntrykk. Her jobbar mange som treng litt ekstra hjelp. Det er flott at dei får ha ein slik arbeidsplass. Vi såg fruktavdelinga, nøtteavdelinga, produksjon av blomsterkassar og postkassestativ, seier Mia.

Frå utdeling av miljøfyrntårsertifikat til Lieco Auto. - Klikk for stort bileteFrå utdeling av miljøfyrtårnsertifikat til Lieco Auto.

På Trigger trefte dei Vanessa som styrer ei redusert kantine på Trigger med «hard hand». Ho ventar i spenning på den nye kantina som skal opna i sluten av august. Då vert det nysteikte flettebrød. Dan-Erik har på bestilling laga det flotte postkassestativet som han står ved sida av på biletet. 

Anita Garlid Johannessen seier at ho sjølv har fått sett mykje ho har ønskt lenge denne veka.

- Saman med Mia har vi fått kome rundt og fått god kunnskap om tenestene til kommunen. Det har vore flott å ha med Mia på dette. Vi har samarbeidd svært godt, seier varaordføraren.

Mia er open for å jobba i kommunen ein gong i framtida.

- No er eg litt usikker på kva eg skal satsa på, men eg likar å arbeida med menneske, seier ho.

På torsdag var Mia med på innbyggartorget og biblioteket i Sund Senter. Det er eit godt besøkt bibliotek. Ifølgje varaordføraren er det eigentleg sjølvforklarande når biblioteket har «Ringenes Herre» i nynorsk utgåve: Ringdrotten.

Her er fleire bilete:

Besøk på biblioteket på Straume.  Frå venstre; Beate Moldøen, Kenneth Johannessen og Mia Haaland-Hansen. - Klikk for stort bilete
Miljøfyrtårutdeling hjå Lieco Auto - Klikk for stort bilete
Besøk på Visit Bergen - Klikk for stort bilete
På fredag var det bergensbesøk. - Klikk for stort bilete
Dan-Erik har laga dette store postkassestativet på bestilling. Til venstre avdelingsleiar Linda Teigland, Mia Haaland-Hansen til høgre. - Klikk for stort bilete
Desse tre har samarbeidd mykje denne veka. Frå venstre; Tom Georg Indrevik, Mia Haaland-Hansen og Anita Garlid Johannessen. - Klikk for stort bilete

 

Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Anita Garlid Johannesen, privat og Vigleik Brekke