Skulestafett på Kolltveit

Det var god stemning og stort frammøte av foreldre då Kolltveit-elevane sprang skulestafett i stålande vèr på Kolltveit skule på onsdag. Ordførar Tom Georg Indrevik var også i år på plass på Kolltveit og sprang saman med elevar og rektor. 

Rektor Odd Erik Kjeldstad (øvst) og ordførar Tom Georg Indrevik var på plass. - Klikk for stort bileteRektor Odd Erik Kjeldstad (øvst) og ordførar Tom Georg Indrevik var på plass.

Elevane skulle springa så mange rundar dei klarte på 24 minutt, og så bli sponsa for kvar runde til inntekt for kreftforeininga. Skulestafetten er ein del av den store innsamlinga krafttak mot kreft som Hans Jarle Einarsen står ansvarleg for i Øygarden kommune. Han var óg til stades saman med Benjamin Torsvik som er blitt skulen sin faste konferansier under arrangementet.

Fau-leiar Sindre Lie sprang óg saman med dei eldste elevane. Etter stafetten vanka det is på elevane for framifrå innsats. I 2024 samla Kolltveit skule inn heile 93 885 kroner til kreftforeininga, og målet er ny rekord i år. 

Takk for eit fantastisk flott arrangement og godt jobba til alle flinke elevar som sprang.

Her er fleire bilete:

Frå stafetten - Klikk for stort bilete
Frå stafetten - Klikk for stort bilete
Frå stafetten - Klikk for stort bilete

Odd Erik Kjeldstad
rektor