
Internasjonal delegasjon til Landro skule
Onsdag ettermiddag fekk Landro skule besøk av One Ocean Youth Panel. Tidlegare på dagen stilte prosjektleiar frå skulen og fire elevar på plastkonferansen på One Ocean Week i Bergen. Det vart med andre ord ein travel dag for representantar for Landro skule onsdag 9. april.
Les meir.
- De gjer eit viktig arbeid
Sotra Mållag feira 50 års-jubileet på Panorama Hotell & Resort laurdag kveld. Ordførar Tom Georg Indrevik roste mållaget for arbeidet gjennom alle desse åra.
- Arbeidet dykkar er avgjerande, og det er bra vi har mållag som kikkar oss i korta når det gjeld språkbruk, sa ordføraren. Målblomen gjekk til Anders Lie Skålevik og Rune Lønøy Sangolt for det dei formidla i NRK-serien «Fiskarane».
Les meir.
Konsekvensar av innsparingstiltak
Arbeidet med å følgja opp kommunestyrevedtaket 27. mars om innsparing i budsjettet, er godt i gang. Målet er at Øygarden kommune skal tilby gode tenester for innbyggjarane sjølv om det vert gjennomført ei rekkje krevjande tiltak. Nedanfor er det gjeve status for ein del av tiltaka.
Les meir.
Takk til deg som ryddar!
ØyVAR tek imot marint avfall GRATIS mot framvising av aksjonskode frå ryddenorge.no. ØyVAR støttar ryddeaksjonar med utstyr og gratis mottak av marint avfall.
Les meir.
Terrengbrann sør i Øygarden
Ein terrengbrannen på Kausland førte til at fylkesvegen mot Glesnes vart stengt mellom Spildepollen og Kvernvika rundt tre timar onsdag kveld. Store mannskapsstyrkar deltok i sløkkingsarbeidet. Nokre hytter i området var trua av brannen. Brannen vart meldt under kontroll om lag klokka 23.30.
Les meir.
Daniel fekk realisert draumen sin
MOT-ambassadør Daniel Grindeland møtte 500 elevar på Fjell ungdomsskule på drøymedagen 9. april.
- Etter vidaregåande har livet vore eit langt eventyr, sa han til dei lydhøyre elevane i Bildøyhallen på drøymedagen. Fjell ungdomsskule var ein av om lag 30 skular som blei trekt ut til å få besøk av drøymeturneet til MOT dette året.
Les meir.
One Ocean Week 2025: Korleis få vekst i havnæringa?
Ordførar i Øygarden kommune, Tom Georg Indrevik, ønskte velkommen til dei om lag 70 tilhøyrarane til arrangementet på Thon Hotell Orion måndag ettermiddag. Dette var eit samarbeid mellom Øygarden kommune, Vest Næringsråd, NCE Seafood Innovation og Nordhordland Næringslag.
Les meir.
Vi må gjera noko med matsvinnet
Elevane Pernille Ulvøy og Kine Ekerhovd var to av 70 elevar i tre klassar på niande trinn på Sund ungdomsskule som engasjerte seg i ei lokal energimesse sist veke.
- Matsvinn er eit stort problem. Vi har ei løysing, seier dei to elevane ivrig då vi møter dei i klasserommet.
Les meir.
Sparer ressursar med videostøtte
I løpet av april innfører heimetenesta «Digital drop-in sjukepleiar». Ved hjelp av ein eigen app på mobilen vert det sett opp videomøte mellom sjukepleiar på besøk i heimen og sentral sjukepleiar.
- Med dette verktøyet kan det i mange tilfelle vera tilstrekkeleg med ein sjukepleiar hjå brukaren, seier avdelingsleiar i sone nord, Vera Lønningen.
Les meir.
Nye adressenamn til gater på høyring – Straume
I medhald av stadnamnlova § 8 sender namnemynde i Øygarden kommune med dette tre nye adressenamn på høyring. Adressenamna gjeld tre gågater i Straume sentrum, på sørvest side av Sartor senter.
Les meir.
Kystpasset 2025
Bli kjend med den flotte naturen i Øygarden kommune. Kystpasset gjev deg turar frå Hjelme heilt nord til Lerøy heilt sør i kommunen. Kystpassturane gjev deg alt frå utsikt i alle himmelretningar til vandring gjennom smal passasje i ein fjellsprekk.
Les meir.
Nytt journalsystem på Sotra legevakt
Sotra legevakt innfører nytt journalsystem 24. og 25. april. Dette kan føre til redusert kapasitet og ekstra ventetid i dei komande vekene.
Les meir.
Ordførar Tom Georg Indrevik denne veka (15)
- 07.04.: One Ocean arr i Håkonshallen
Tema møte med Vest Næringsråd
Kveldsarrangement med PWC - 08.04.: One Ocean-konferansen 2025
Mogleg møte om Skålevik skule - 09.04.: Frukostmøte om havbruk
Møte ved FOV
Berekraftsdebatt på Kystmuseet - 10.04.: Generalforsamling i Sambygg
Nettverkskaffe på Straume
Presentasjon for Bergen kommune
Arrangement om Energi
Varaordførar Anita Garlid Johannessen denne veka (15)
- 07.04.: Interne møte
Koordineringsutvalet
Planleggja arbeidsverkstad administrasjonsutvalet
One Ocean Week: Korleis få vekst i havbruksnæringa - 08.04.: One Ocean Conference
- 09.04.: MOT, Bildøyhallen
Møte i klageutvalet - 10.04.: Bymuseet