Internasjonal delegasjon til Landro skule
Onsdag ettermiddag fekk Landro skule besøk av One Ocean Youth Panel. Tidlegare på dagen stilte prosjektleiar frå skulen og fire elevar på plastkonferansen på One Ocean Week i Bergen.
Delegasjonen var med til Sørdalen der dei fekk oppleva den berykta plastsprekken på nært hald.Det vart med andre ord ein travel dag for representantar for Landro skule onsdag 9. april. Først stilte prosjektleiar frå skulen og fire elevar på Plastkonferansen i høve One Ocean Week på Grand selskapslokaler der dei fekk vist fram den flotte modellen sin over Sørdalen og idear dei har inn mot forskningsprosjektet dei deltek i saman med Framtidshavet og Norce.
Dei fire 7. klassingane fekk vist og forklart for mange interesserte, og fekk gode ord om både prosjekt og utstilling.
På ettermiddagen kom ein delegasjon frå One Ocean Youth Panel på besøk til Landro skule. One Ocean Youth Panel er ei gruppe menneske i alderen 18-28 år som utfordrar dagens beslutningstakarar og mobiliserer globalt samarbeid og handling om kritiske havspørsmål.
Frå utstillinga på plastkonferansen.Ordførar Tom Georg Indrevik slo følgje med dei til Sørdalen der dei fekk oppleve den berykta plastsprekken på nært hald. Kenneth Bruvik frå Framtidshavet fortalte om oppdaginga av sprekken og kva effekt møtet med den har på dei som besøkjer staden.
Gunhild Bødker, forskar og prosjektleiar frå Norce, fortalte om alvorsgrada av plastforsøpling rundt Norskekysten og om kva forskingsprosjektet i Sørdalen fokuserer på.
Prosjektkoordinator Tone Reigstad Landro frå skulen informerte om korleis skulen vil bidra inn i prosjektet med bl.a. rydding og sortering av søppel og litt om korleis ein skal jobbe med formidling av erfaringane elevane gjer seg undervegs i prosjektet.
- Dei besøkande viste stor interesse og ønskte meir informasjon om planane for dei neste åra og kva ein ønskjer å oppnå med forskingsprosjektet, seier ho.
Her er fleire bilete:
Publisert 09.04.2025 22.14