Konsekvensar av innsparingstiltak

Arbeidet med å følgja opp kommunestyrevedtaket 27. mars om innsparing i budsjettet, er godt i gang. Målet er at Øygarden kommune skal tilby gode tenester for innbyggjarane sjølv om det vert gjennomført ei rekkje krevjande tiltak.

Kultursalen - Klikk for stort bileteKommunestyremøtet vart halde i kultursalen i Øygarden rådhus.

I løpet av kartleggingsfasen dei to vekene etter vedtaket, har kommuneleiinga fått avklart konsekvensane for ein del av innsparingstiltaka.

Nedanfor er det gjeve status for ein del av tiltaka. Dette er sortert under kommunalsjefområda. 

Sjølve kommunestyrevedtaket er omtalt her.

Helse og velferd

Sommarjobb for ungdom

Det vert ikkje sommarjobb for ungdom i år. Det var avsett eín million kroner til dette tiltaket i budsjettet for 2025. Alle som har søkt, skal ha fått melding om at tiltaket er avvikla.

Aktivitet delsentera

Det vert ikkje auka aktivitet i delsentera. Det betyr at det ikkje vert etablert transportordningar til og frå allereie aktuelle aktivitetar og heller ikkje etablering av nye.

Aksjonssenteret

Det er vedteke å avvikla aksjonssenteret. Det vert arbeidd med informasjon ut til innbyggjarar om korleis dei vidare etablerte tiltaka på best mogleg måte skal kunna vidareførast på anna vis. Vi kjem tilbake med meir informasjon når dette er klart.

Samfunnsutvikling

Eigenbetaling svømming for barn og unge

Dette vert innført frå 1. april.

Svømmebasseng

Svømmebassenga ved Ulveset skule og Fjell ungdomsskule vert stengde med verknad frå skuleslutt (juni).

Terapibassenget ved delsenteret på Rong vert stengt frå 11. april. Brukarane av terapibassenget har fått informasjon.

Stranda svømmehall, Ågotnes svømmehall, Hjeltefjorden svømmehall og terapibassenget på Straume er opne.

Ågotnes grasbane

Det er vedteke å redusera drifta av Ågotnes grasbane. Idrettslaga som har nytta grasbana tidlegare, er orienterte om korleis drift av grasbana vil gå føre seg i 2025. 

Vedlikehald bygg og park/grøntareal

Det vert ikkje gjennomført vedlikehald som var planlagt i 2025. Det same gjeld vedlikehald for park og grøntareal.

Ventilasjonsanlegg

Det vert ikkje gjennomført planlagt service i 2025. Det er utsett til 2026.

Modernisering sentralbord 

Ei arbeidsgruppe er i gang med å sjå på løysingar. Det vil innebera reduserte opningstider og fleire innval. 

Bygdebok 

Det vil koma eí bygdebok (eitt band) i 2025. Planen var to bøker. 

Forvaltningsplan Fjell festning

Denne planen er utsett. 

Bibliotektilbodet

Det vert to dagar redusert opningstid på Rong og Skogsskiftet frå 1. august. Det vert stengt heile juli på Rong og Skogsskiftet. Det vert redusert innkjøp av bøker og arrangement.  

Fjell festning halvårsverknad 

Her vert det vist til sak vedteken i kommunestyret 27. mars. Det er også gjort vedtak i Sotra og Øygarden Forsvarsforening. Vedtak med ny skisse er oversendt Stiftinga Fjell festning. 

Redusert støtte til lag og organisasjonar for vaksne

Søknadsfrist for tilskotsordningar er 15. april. Lag og organisasjonar vert orienterte ved tildeling av midlar eller avslagsbrev.

Oppvekst

For Oppvekst inneber dei kortsiktige tiltaka for 2025 ein kombinasjon av utsett iverksetting av tidlegare vedtak, reduksjon av tenestetilbodet og reduksjon av tilsette i barnehage, skule og barn- og familie. 

Kjøp av alternative opplæringstilbod i skulen 

Den sentrale budsjettposten til kjøp av eksterne alternative opplæringsarena i skulen er avvikla. Det er dialog med leverandørar om nokre av tilboda kan vidareførast med redusert nivå.  

Skuleturar og eksternt undervisningsopplegg  

Skuleturar for ungdomstrinnet vert ikkje gjennomført skuleåret 2025/2026. Eksternt undervisningsopplegg for 5. trinn som er planlagt etter 1.mai i år, vert ikkje gjennomført. 

MOT-program 

Ressursane til MOT i skulen vert redusert, og MOT-programmet vert redusert til programmet «robust ungdom» i ungdomsskulane. 

Undervisningsmateriell i skule

Budsjettnivået for kjøp av undervisningsmateriell i skulen vert redusert med 1,5 millionar kroner.  Dette vil innebera færre midlar til kjøp av fysiske lærebøker og digitalt undervisningsmateriell. 

Vidareutdanning i skule 

Det vert berre innvilga stipendordning for den nasjonale ordninga for vidareutdanning av lærarar for skuleåret 2025/2026.


Red. og foto: Vigleik Brekke