Ordførar Tom Georg Indrevik overrekte jubileumsgåve (pengegåve) til mållaget. Styreleiar Kari Østervold Toft tok imot gåva på vegner av mållaget.Jubileet til Sotra Mållag vart markert i samband med årsmøtet til Hordaland Mållag. Det var styreleiar Kari Østervold Toft som delte ut målblomen.
Målblomen skal gå til nokon som brukar nynorsk og strilamålet og brukar dialekten som det mest naturlege i verda. Vinnarane av målblomen, Anders Lie Skålevik og Rune Lønøy Sangolt, var med i NRK-serien der vi møtte folk frå området vårt som lever av, med og på havet.
- Vi i Sotra Mållag synest det var veldig kjekt å følgja serien, og me gledde oss over den flotte dialekten «våre» folk brukte i kvardagen sin. Difor er det ei stor gleda å få vera den som gir målblomen, sa Østervold Toft til målblomevinnarane.
Rune Lønøy Sangolt var «på fisje» og hadde ikkje høve til å vera til stades denne kvelden, men mor til Rune, Tone Lønøy Sangolt, tok imot blomen på vegner av sonen.
Anders Lie Skålevik hadde følgjande kommentar til prisen.
- Det vart sagt her at blomane varer heilt til sommaren. Eg tvilar på om det skjer heime hjå meg, sa Anders.
Frå venstre; Kari Østervold Toft, Tone Lønøy Sangolt, Anders Lie Skålevik og Hege Misje.Språk er kulturberar
I talen til det jubilerande mållaget viste ordførar Tom Georg Indrevik til at han i samband med arbeidet med å byggja den nye kommunen, leia arbeidet med å identifisera den felles kulturen.
- Historisk er språket ein av dei viktigaste kulturberarane. Språket er viktig for identiteten vår. I Øygarden er det stor semje om at Øygarden skal vera ein nynorskkommune. Språkbruksplanen vart vedteken i november 2019, ein god månads tid før den ne kommunen vart etablert. Dette var den første planen kommunen vedtok, sa han.
Han understreka også at kommunen ønskjer at flest mogleg held fast på nynorsk som hovudmål i heile grunnskulen. Diverre er det mange som skiftar frå nynorsk til bokmål ved overgangen frå barneskulen til ungdomsskulen.
Man meiner at dei tidlegare kommunane og no Øygarden kommune har sett fokus på språk og nynorsk.
- Fjell kommune vart kåra som Årets nynorskkommune i 2011. Det er gjeve ut hefte med songar av Johannes Kleppevik til bruk i skulen, og for 10 år sidan starta vi prosjektet «Stolt av eige språk». Kommunen arrangerer språkkurs, og Øygarden kommune har laga til eige digitalt språkkurs for tilsette. Vi har årlege møte med dei to mållaga i kommunen, Sotra Mållag og Øygarden Mållag, sa ordføraren.
Den 3. og 4. juni arrangerer Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) landstinget i Øygarden. Det er første gong landstinget vert arrangert i kommunen vår.
Det var underhaldning ved Glesnes Teaterlag og gruppa Semje med Linda Ekeland som solist.
Hordaland Mållag deltok også på jubileumsfesten og delte ut målprisen for 2025. Målprisen gjekk til Vigleik Brekke, Øygarden kommune.
Her er fleire bilete:
Tekst: Marian Guddal Hansen
Foto: Vigleik Brekke