One Ocean Week 2025: Korleis få vekst i havnæringa?

Ordførar i Øygarden kommune, Tom Georg Indrevik, ønskte velkommen til dei om lag 70 tilhøyrarane til arrangementet på Thon Hotell Orion måndag ettermiddag. Dette var eit samarbeid mellom Øygarden kommune, Vest Næringsråd, NCE Seafood Innovation og Nordhordland Næringslag. 

Marianne Furheim (Øygarden kommune), Kari-Anne Landro (Vest Næringsråd), Nicolai Berg-Arnesen (Firda Seafood), Beate S. Korsøen (Nordhordland Næringslag), Geir Lasse Taranger (Havforskingsinstituttet), Even Søfteland (PO3/4 Kunnskapsinkubator), Solveig Holm (NCE Seafood Innovation), Halfdan Mellbye (SANDS Advokatfirma) og Anders Lamberg (Skandinavisk Naturovervåking) - Klikk for stort bileteMarianne Furheim (Øygarden kommune), Kari-Anne Landro (Vest Næringsråd), Nicolai Berg-Arnesen (Firda Seafood), Beate S. Korsøen (Nordhordland Næringslag), Geir Lasse Taranger (Havforskingsinstituttet), Even Søfteland (PO3/4 Kunnskapsinkubator), Solveig Holm (NCE Seafood Innovation), Halfdan Mellbye (SANDS Advokatfirma) og Anders Lamberg (Skandinavisk Naturovervåking)

One Ocean Week 2025 er i gang. Dette er veka i Bergen som set havet i fokus med ulike arrangement med faglege, men også publikumsvennleg program.

Mange ventar spent på Havbruksmeldinga, som ifølge kjeldene vil bli publisert 10. april. Vil denne gje nokre svar, og vil ho gje peikepinn på korleis få auka utvikling og berekraft i havnæringa? Dette var eitt av spørsmåla moderator Solveig Holm frå NCE Seafood Innovation sette på agendaen.

Halfdan Melbye frå Sands Advokatfirma, presiserte at innhaldet i innstillinga som Næringskomiteen kjem med, er vel så viktig som sjølve Havbruksmeldinga. Til innstillinga kan næringa og organisasjonar koma med innspel, noko som er viktig for å få dei ulike aspekta. 

Teknologi og kompetanse

Nicolay Berg-Arnesen frå Firda Seafood, representerte næringa og delte erfaringar med oppdrett i sjøen og viktigheita av teknologi og kompetanse. Firda Seafood har sterkt fokus på fiskehelse og velferd og prøver nye metodar som ivaretek dette best mogleg. Berg-Arnesen påpeikte også behovet for politisk støtte og betre omdøme for næringa.

Firda Seafood sine forslag til løysingar:

  • Det må lønna seg å vera god: Insentiv bør lønna dei som oppnår gode resultat.
  • Ansvar for eigne handlingar, ikkje kollektiv straff: Bedrifter bør haldast ansvarlege for sine eigne handlingar, ikkje straffast kollektivt.
  • Likt regelverk: Einsarta reglar for alle aktørar i næringa.
  • Forenkling og mindre byråkrati: Reduksjon av byråkratiske hinder for å letta prosessar og fremja innovasjon.

- Lakselus har ikkje all skuld

Even Søfteland frå Kunnskapsinkubator PO3 og PO4 diskuterte miljøutfordringar som lakselus og høg dødelegheit, og understreka behovet for ny teknologi og berekraftige løysingar. Søfteland synte til betydelege summar det vert investert innan innovasjon og utvikling i næringa - viljen er der! 

Geir Lasse Taranger frå Havforskingsinstituttet la til at kortare tid i opne merdar og lukking av merdar kan redusera luseproblem, men og at problematikken knytt til temperaturendring i havet også påverkar lusa si ferdsel og inngripen. 
- Eit framtidig system for regulering, må difor óg ta omsyn til endringane i havet, sa Taranger. 

Anders Lamberg frå Skandinavisk Naturovervåking påpeikte at lakselus ikkje er den einaste trusselen mot villaksen, og at menneskeskapt påverknad også spelar ei rolle. Han understreka kor viktig det er å formidla korrekt informasjon til media og å vurdera klimaeffektar av lukka merdar. 

- Lusa har ikkje all skuld, sa Lamberg, noko han synte i modellane sine med innsig i elvar i heile Noreg.

I panelsamtala til slutt konkluderte panelet med at samarbeid, kunnskapsinnhenting og innovasjon er nøkkelen til å løysa utfordringane i havbruksnæringa. Det er behov for ei heilskapleg tilnærming og betre dialog mellom aktørane, både i politikken, forvaltninga og næringa, for å sikra berekraftig vekst og utvikling. 

Havbruksmeldinga vil forhåpentlegvis gje nokre fleire svar til ei næring som har behov for meir politisk vilje til å gje føreseielege rammer, rom for innovasjon og som både har ønske og vilje til å setja fiskevelferd i fokus.

Her er fleire bilete:

Anders Lamberg - Klikk for stort bilete
Frå venstre; Even Søfteland, Halfdan Mellbye og Beate S. Korsøen - Klikk for stort bilete
Solveig Holm - Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete

Tekst og foto: Marianne Furheim