Sparer ressursar med videostøtte

I løpet av april innfører heimetenesta «Digital drop-in sjukepleiar». Ved hjelp av ein eigen app på mobilen vert det sett opp videomøte mellom sjukepleiar på besøk i heimen og sentral sjukepleiar.
- Med dette verktøyet kan det i mange tilfelle vera tilstrekkeleg med eín sjukepleiar hjå brukaren, seier avdelingsleiar i sone nord, Vera Lønningen.

Sjukepleiar på basen Jana.Wietschorke kommununiserer via nettbrett med sjukepleiar som er på heimebesøk hjå brukar.  - Klikk for stort bileteSjukepleiar på basen Jana Wietschorke kommununiserer via nettbrett med sjukepleiar som er på heimebesøk hjå brukar.

Eit døme på bruk av dette verktøyet kan vera ved opptrekk av medikament til smertepumpe. Dersom ein pasient skal få trekt opp medikamenta til pumpa, må to sjukepleiarar sjå til at brukaren får rett mengde og fart på dosen.

- Dersom sjukepleiaren på besøk hjå brukaren set opp videomøte via ein app på mobilen, kan ein annan sjukepleiar på sonekonoret (basen) sjå til at innstillingane på smertepumpa er korrekte. Dermed treng ikkje to sjukepleiarar reisa ut til brukaren, seier Vera Lønningen.

Prosjektet «Digital drop-in sjukepleiar» starta opp hausten 2024 og har vore gjennomført som eit samarbeidsprosjekt mellom Øygarden og Askøy kommunar. Prosjektet er finansiert med midlar frå nasjonal Helseteknologiordning og har testa sikker videokommunikasjon mellom helsepersonell på heimebesøk og sentral sjukepleiar, utan at sjukepleiar må reisa til heimen. Prosjektet vart ferdigstilt 1. mars.

Prosjektet har hatt fokus på legemiddelhandtering, både dobbelkontroll av legemiddelbehandling (sjukepleiar til sjukepleiar) og rådgjeving/støtte på generell basis. Effektivisering per oppdrag er gjennomsnittleg 60 minutt (førebuing, klargjering, reisetid m.m).

Med mobil i stativ får ein direkte overført video frå sjukepleiar som er hjå brukaren. - Klikk for stort bileteMed mobil i stativ får ein direkte overført video frå sjukepleiar som er hjå brukaren.

I Øygarden er løysinga så langt innført i sone nord i heimetenesta. Kommunen tek løysinga i bruk i heile heimetenesta i april månad. Einingsleiar for heimetenesta, Marianne Våge Berland, forventar at løysinga vil bidra til betre ressursbruk og auka kvalitetssikring.

- I første omgang nyttar vi dette verktøyet ved legemiddelhandtering, seier ho.

Deltakarar i prosjektet frå Øygarden har vore Vera Lønningen (avdelingsleiar sone nord), Tine Anicha Dalen (sjukepleiar sone nord) og Kjell Fyllingen (prosjektleiar).


Tekst: Kjell Fyllingen og Vigleik Brekke
Foto: Vigleik Brekke