Nytt journalsystem på Sotra legevakt

Sotra legevakt innfører nytt journalsystem 24. og 25. april. Dette kan føra til redusert kapasitet og ekstra ventetid i dei komande vekene.

Sotra legevakt, Øygarden lokalmedisinske senter - Klikk for stort bilete

Det er viktig at innbyggjarane er klar over at vi bytter system, og at det må påreknast redusert kapasitet og ekstra ventetid på Sotra legevakt frå 24. april og dei neste vekene. Dette vil sjølvsagt ikkje gå utover beredskapen for liv og helse.