Her er ny vekerapport

I vekerapporten kan du lesa om litt av det som har skjedd i veke 18.

Tilrår å auka talet på flyktningar

Levekårsutvalet (LKU) tilrår at Øygarden kommune buset ytterlegare 100 flyktningar i 2024. Desse kjem i tillegg til vedtaket i februar om å busetja 100 flyktningar der sju kan vera einslege mindreårige over 15 år og dei andre som einslege eller familiar. Utvalet var samla til møte tysdag. Dersom kommunestyret sluttar seg til tilrådinga, vert det samla busett 200 flyktningar i 2024.
Les meir. 

Vil godkjenna plan for bustader på Storevarden

Plan- og miljøutvalet (PMU) tilrår å godkjenna detaljregulering for Storevarden på Rongøyna. Utvalet var samla til møte 2. mai. Formålet med detaljreguleringa er å leggja til rette for å byggja inntil 30 bustadeiningar i form av eine- og tomannsbustader, infrastruktur og utbetring av krysset mot fylkesveg 561.
Les meir. 

Inviterer til innbyggjarmøte

I perioden 22. mai til 13. juni vert innbyggjarane inviterte til medverknadsmøte i dei sju lokalsentera i kommunen. Kommunalplanutvalet drøfta måndag korleis ein skal få god kunnskapsinnhenting i arbeidet med arealdelen til kommuneplanen.
Les meir.

La ned blomekrans ved minnestøtte

I dag er det åtte år sidan den tragiske helikopterulukka ved Turøyna. På måndag la ordførar Tom Georg Indrevik ned blomekrans ved minnestøtta. Det var den 29. april 2016 at helikopteret styrta og 13 menneske omkom. Mellom dei omkomne var Lyder Martin Telle og Odd Geir Turøy frå Øygarden.
Les meir.

Kikhostevaksine til gravide

Frå mai 2024 får gravide tilbod om å ta kikhostevaksine. I Øygarden kommune kan ein få vaksinen på helsestasjonen hjå jordmor eller  fastlege. Frå mai 2024 får alle gravide tilbod om kikhostevaksine i veke 24 av svangerskapet.
Les meir. 

Eldrerådet gjev deg open mikrofon

Frå og med neste møte, 30. mai, startar møta i eldrerådet med open halvtime. Han understrekar at open halvtime skal vera eit lågterskeltilbod der det ikkje er formelle krav eller forventningar om ferdigskrivne manus på førehand.
Les meir.

- Buss fungerer godt for meg

Sander Holmelid frå Foldnes var ein av mange morgonfuglar på bussterminalen på Straume i dag.
- For meg passar busstilbodet godt, seier han.
Dei som var på terminalen på Straume frå klokka sju og utover fekk utdelt smoothie frå Miljøløftet og informasjon om kampanjen Sykle til jobben.
Les meir.

Kira er kvalifisert til landsmønstringa i Bodø

Helga 19. - 21. april gjekk UKM fylkesfestival for Vestland av stabelen. Til saman deltok 400 ungdomar på to parallelle arrangement, på Askøy og i Førde.
Les meir.

Semje i kommunesektoren

KS (fellesorganisasjon for kommunane) og LO, Unio og YS er samde om ei forhandlingsløysing i tariffoppgjeret i kommunesektoren. Akademikarane har ikkje kome til semje med KS. Dette oppgjeret vert sendt over til Riksmeklaren, med meklingsfrist 23. mai. Resultatet i KS-området har ei økonomisk ramme på 5,2 prosent, som er same ramme som frontfaget i industrien. 
Les meir. 

- Ikkje mogleg utan Miljøløfte-avtale

Ordførar Tom Georg Indrevik var tydeleg då han fredag talte til feststemte barn, unge og vaksne ved Gullbygget på Solsio og markerte oppstart for Sykle til jobben og arbeidet med gatestruktur i Grønamyrvegen.
- Dette er det mest attraktive regionsenteret i Skandinavia, sa ordføraren til dei mange frammøtte i strålande sommarver.
Les meir. 

Ordførar Tom Georg Indrevik denne veka (18)

  • 29.04.:  Interne møte
                 Nedleggning av krans, Turøyna
                 Ekspertpanel vald i nære relasjonar
  • 30.04.:  Frukostmøte/panelsamtale: Bør Fysisk aktivitet skrivast ut på resept
                 Dialogmøte Askøy næringsråd
                 Møte med VIS – om tidlegfase fond
  • 01.05.:  Fri
  • 02.05.:  Sykle til jobben kampanje Sartor Storsenter
                 Møte med Vest Næringsråd
                 Møte med Storbrand om ESA
                 Årsmøte i GCE Ocean Tech
  • 03.05.:  Sykle til jobbe og markering oppstart Grønnamyrvegen
                Besøke BUA 5 år

Ordføraren neste veke (19)

  • 06.05.-08.05.:  Havexpo Straume
  • 06.05.:  Opning Havexpo
  • 07.05.:  Frukostmøte om Statlege planrettingslinjer
                 Havexpo
                 Møte i Bergen Havn
                 Formannskapsmøte
  • 08.05.:  8. mai-mrkeringar
  • 09.05.:  Fri
  • 10.05.:  Finale Sartor Talenter 

Varaordførar Anita Garlid Johannessen denne veka (18)

  • 29.04.:  Interne møte
  • 03.05.:  Fredag: Minnestund (privat)
                 Idrettscruise
  • 05.05.:  Idrettscruise