Semje i kommunesektoren

KS (fellesorganisasjon for kommunane) og LO, Unio og YS er samde om ei forhandlingsløysing i tariffoppgjeret i kommunesektoren. Akademikarane har ikkje kome til semje med KS. Dette oppgjeret vert sendt over til Riksmeklaren, med meklingsfrist 23. mai.

Illustrasjonsfoto - Klikk for stort bileteIll.foto

Resultatet i KS-området har ei økonomisk ramme på 5,2 prosent, som er same ramme som frontfaget i industrien. Dette inneber lønstillegg på mellom 22.000 og 37.000 kroner, avhengig av utdanningsnivå og ansiennitet.

KS er nøgd

– KS er nøgd med at vi vart samde med LO, Unio og YS om ei forhandlingsløysing i tariffoppgjeret i kommunesektoren, men beklagar at Akademikarane valde å bryta forhandlingane før dei var ferdige, seier Tor Arne Gangsø, direktør for arbeidsliv i KS.

KS skriv på nettsida at partane samde om å setja av 1,1 prosent av ramma til lokale forhandlingar, med verknad frå 1. oktober.  

– Det har vore krevjande, men konstruktive forhandlingar for å klara å sameina svært ulike krav. Resultatet gjev alle grupper i kommunesektoren reallønsvekst, med god lønsutvikling for både dei med låg løn og ikkje minst utdanningspersonell, seier Gangsø.

Kommunedirektør Johnny Breivik er glad for at store delar av kommuneoppgjeret er i hamn.

- Dermed unngår vi ein streik som ville ha ramma mange, seier kommunedirektøren.
 

Les meir her. (ekstern lenkje til nettsida til KS).


Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Pixabay