Tilrår å auka talet på flyktningar

Levekårsutvalet (LKU) tilrår samrøystes at Øygarden kommune buset ytterlegare 100 flyktningar i 2024. Desse kjem i tillegg til vedtaket i februar om å busetja 100 flyktningar der sju kan vera einslege mindreårige over 15 år og dei andre som einslege eller familiar. Utvalet var samla til møte tysdag.

Frå møtet i levekårsutvalet 30. april. På talarstolen Espen Cornell Jacobsen. - Klikk for stort bileteFrå møtet i levekårsutvalet 30. april. På talarstolen Espen Cornell Jacobsen (Ap).

Dersom kommunestyret sluttar seg til tilrådinga, vert det samla busett 200 flyktningar i 2024.

I november 2023 fekk Øygarden kommune brev frå Integrerings- og mangfaldsdirektoratet om å busetja til saman 240 flyktningar i 2024. I saksutgreiinga går det fram at fram til slutten av april er 70 flyktningar avklart til å verta busette i kommunen. 

Kommunestyret gjer endeleg vedtak.

Tilrår å halda fast på noverande alkoholpolitisk handlingsplan

Med åtte mot tre røyster tilrår levekårsutvalet å oppretthalda alkoholpolitisk handlingsplan frå perioden 2020-2024. Fleirtalet var samansett av tre medlemer frå Høgre, to frå Arbeidarpartiet, og ein medlem kvar frå KrF, Senterpartiet og Sotralista-TVØ. 

Mindretalet på tre (ein medlem frå Høgre, ein frå Industri- og næringspartiet og ein frå Framstegspartiet) røysta for innstillinga frå kommunedirektøren. 

Saka går til endeleg behandling i kommunestyret. 

Helge Nilsen (KrF) presenterte forslaget om å oppretthalda alkoholpolitisk handlingsplan for 2020-2024. - Klikk for stort bileteHelge Nilsen (KrF) fremja forslaget om å oppretthalda alkoholpolitisk handlingsplan for 2020-2024.

Ønskjer å skjerma miljøterapeutar

Levekårsutvalet tilrår overfor kommunestyret å ta kvartalsrapporten for 1. kvartal til orientering. Utvalet sluttar seg til innsparingstiltaka slik det går fram av saksframlegget, med unnatak av forslaget om å utsetja tilsetjing av miljøterapeutar i barnehage og skule.

I tilrådinga heiter det også at i kvartalsrapporten for 2. kvartal vert kommunedirektøren beden om å identifisera ytterlegare tiltak for å redusera driftsutgiftene tilsvarande årsprognosen etter 2. kvartal.

Pr. mars viser netto driftsresultat 16 millionar kroner betre enn periodisert budsjett så langt i år. Men prognosen i den underliggjande drifta, etter tiltak, viser eit meirforbruk på 25 millionar kroner. 

Tilrår å arbeida vidare med prøveprosjekt 

LKU slutta seg til at Helse og velferd held fram arbeidet med å utvikla tiltak for å redusera sjukefråvær slik det er gjort greie for i ei sak om prøveprosjekt om auka grunnbemanning innan helse og velferd.

Prosjektet på Øygarden lokal medisinske senter vert evaluert mot slutten av året for å sjå om ein oppnår ønskt effekt med redusert vikarbruk. Tørn-prosjektet * ved Straume bu- og servicesenter og Fjell sjukeheim skal evaluerast for å sjå på kva effekt oppgåveforskyving og ny organisering av arbeidet inneber. 

* Øygarden vart i fjor teke med i KS sitt Tørn-nettverk og held fram med dette i 2024 (KS: fellesorganisasjon for kommunane). Tørn er drifta av KS, i tett samarbeid med Fagforbundet, FO, Delta, NSF og Ergoterapeutane. Gjennom deltaking i Tørn vert det jobba med å finna løysingar for berekraftig bruk og utvikling av helsefagleg kompetanse.

Positiv til nytt tiltak i barnevernet

Levekårsutvalet er positiv til at det vert etablert eit nytt tverrfagleg og operativt tiltak som skal arbeida med barn og ungdom som bur på barnevernsinstitusjon eller står i fare for å flytta på institusjon. 

Tiltaket skal ha base i ein kommunal bustad som barnevernstenesta allereie nyttar til gjennomføring av samvær. Denne bustaden skal òg nyttast til akuttplassar. Tiltaket skal starta opp august 2024. Vidare oppskalering og finansiering av tiltaket vert vurdert i samband med budsjett og økonomiplan for 2025. Administrasjonen skal arbeida vidare med å utvida kapasiteten på avlastning for barn og ungdom med samansette behov jf. bustadsosial temaplan. Avlastingsbustaden bør byggjast opp etter modellen til Gullfjellbasen avlastning.

Saka vert endeleg behandla av kommunestyret.

Andre saker

  • Levekårsutvalet slutta seg til vurderingane frå kommunedirektøren når det gjeld revidering av overordna del til «Rammeplan for kulturskulen – kulturskule for alle». Høyringsuttalen er i sju punkt.
     
  • Marens Hjørne AS (Grønamyrsvegen 18)  får innvilga fast alminneleg skjenkeløyve for alle tre alkoholgrupper.


Her kan du lesa innkalling med saksdokument.


Tekst og foto: Vigleik Brekke