- Ikkje mogleg utan Miljøløfte-avtale

Ordførar Tom Georg Indrevik var tydeleg då han fredag talte til feststemte barn, unge og vaksne ved Gullbygget på Solsio og markerte oppstart for Sykle til jobben og arbeidet med gatestruktur i Grønamyrvegen.
- Dette er det mest attraktive regionsenteret i Skandinavia, sa ordføraren til dei mange frammøtte i strålande sommarver.
 

Ordførar Tom Georg Indrevik og innehavar av Sartor Drange, Kåre Bjorøy, ved skiltet som viser prosjetet med gatestruktur i Grønamyrvegen - Klikk for stort bileteOrdførar Tom Georg Indrevik og innehavar av Sartor Drange, Kåre Bjorøy, ved skiltet som viser prosjetet med gatestruktur i Grønamyrvegen

Gjennom byvekstavtalen er Øygarden sikra 426 millionar kroner til ulike tiltak og 35 millionar kroner i beløningsmidlar over ein 10-årsperiode. Nøyaktig for eitt år sidan var det offisiell opning av kulvert (undergang) i Idrettsvegen ved Danielsen barne- og ungdomsskule. 

Prosjektet med gatestruktur i Grønamyrvegen på Straume har ei ramme på 70 millionar kroner og vert finansiert gjennom Miljøløftet. Arbeidet skal utførast av Sartor Drange. Formålet med prosjektet er å oppgradera Grønamyrvegen til ein gatestruktur som gjer vegen sikrare og betre framkomeleg for gåande og syklande.

- Vegen vert stengt i byggjetida fram til våren/sommaren 2025, men open for varelevering. Konsekvensen vert meir trafikk på Sartorvegen på vestsida av Sartor Storsenter, kunne prosjektleiar Andreas Kårbø i Øygarden kommune og anleggsleiar hjå Sartor Drange fortelja.

Ordførar Tom Georg Indrevik understreka i talen at dette ikkje berre er eit attraktivt regionsenter.

- Samarbeidet i Miljøløftet er med kommunar i bergensområdet, fylkeskommunen og staten som aktørar. Utan denne avtalen hadde ikkje fått realisert dette, sa ordføraren.

Her er nokre av barna som deltok med song på arrangementet. - Klikk for stort bileteHer er nokre av barna som deltok med song på arrangementet.

Inviterte til å verta med i Sykle til jobben

Dagleg leiar i Bedriftsidretten, Britt Helen Simmenes, snakka om Sykle til jobben-aksjonen som startar i dag, 3. mai. 

- Dette er eit lågterskeltilbod der vi ønskjer å få med alle i aktivitet. Det handlar ikkje berre om å sykla til og frå jobb, men alle typar aktivitetar. Finn gjerne nokon å konkurrera mot. Melder du deg på aksjonen, er du med i trekninga om mange premiar. Dette handlar om å koma i betre form, sa Simmenes.

6. klasse på Brattholmen skule framførte Bicycle Race av Queen.

Halve staben deltek

Ei av bedriftene som verkeleg har slått til på aksjonen i år, er CCB Subsea på Ågotnes. Selskapet stilte opp med eigen stand med fem gode ambassadørar på markeringa på fredag. 

Direktør Cecilie Sælen fortalde at halvparten av dei 70 tilsette har meldt seg på Sykle til jobben. Fleire lag konkurrerer om å verta best. Ho utfordrar fleire bedrifter til å «kasta seg på « aksjonen som varer fram til og med 16. juni.

Halve staben i CCB Subsea har meldt seg på Sykle til jobben. Fem av dei møtte opp på markeringa på fredag. - Klikk for stort bileteHalve staben i CCB Subsea har meldt seg på Sykle til jobben. Fem av dei møtte opp på markeringa på fredag. Direktør Cecilie Sælen står til venstre.

Olav Benjaminsen bur på Vindenes og jobbar i Bunnpris & Gourmet på Sartor Storsenter. Han fortalde at han syklar til og frå jobb. 

- Eg står opp klokka halv fem om morgonen og syklar til jobb. Det tek 40 minutt kvar veg på sykkelsetet. På denne strekninga er forholda for syklistane bra, sa han.

Spreke ungdomar frå Bergen Skateklubb imponerte med oppvisning på sykkel. Sjette klasse på Brattholmen skule gledde dei frammøtte med Bicycle Race av Queen.

Også dei minste stilte opp denne nydelege dagen der det mellom anna handla om første spadetak.

- Dei første spadetaka er svært viktig. Derfor inviterte vi spesielt dei som driv dagleg med dette, nemleg barnehagebarna.

- Dei veit kva det dreier seg om, sa konferansier Unni Sørensen (Øygarden kommune) før ho introduserte barn frå Læringsverkstedet Aronien, Læringsverkstedet Straume og Eventus Sartorlunden som bidrog med flott song.

Her er fleire bilete:

Tom Georg Indrevik fekk hjelp til å dra ned lerretet av Aina Haugstad som er leiar i sekretariatet i Miljøløftet - Klikk for stort bilete
Frå arrangementet - Klikk for stort bilete
Frå arrangementet - Klikk for stort bilete
Frå venstre; Kåre Bjorøy, (Sartor Drange) Andreas Kårbø (Øygarden kommune) og Jarle Kvalvik (Øygarden kommune). - Klikk for stort bilete
Frå arrangementet - Klikk for stort bilete
Frå arrangementet - Klikk for stort bilete
Frå arrangementet - Klikk for stort bilete
Frå arrangementet - Klikk for stort bilete
Frå arrangementet - Klikk for stort bilete
Frå arrangementet - Klikk for stort bilete
Frå arrangementet - Klikk for stort bilete
Frå arrangementet - Klikk for stort bilete
Frå arrangementet - Klikk for stort bilete
Frå arrangementet - Klikk for stort bilete


 
Tekst og foto: Vigleik Brekke