- Buss fungerer godt for meg

Sander Holmelid frå Foldnes var ein av mange morgonfuglar på bussterminalen på Straume i dag.
- For meg passar busstilbodet godt, seier han.

Unni Sørensen inviterer Sander Holmelid til å melda seg på Sykle til jobben. - Klikk for stort bileteUnni Sørensen inviterer Sander Holmelid til å melda seg på Sykle til jobben.

Dei som var på terminalen på Straume frå klokka sju og utover fekk utdelt smoothie frå Miljøløftet og informasjon om kampanjen Sykle til jobben. Og når ein av dei som delte ut frisk drikke var ordførar Tom Georg Indrevik, vart det fort slutt på lageret.  

Formålet med aksjonen på bussterminalen tidleg torsdag morgon var å minna om starten av kampanjen Sykle til jobben 3. mai og å invitera til markering av starten av arbeidet med gatestruktur i Grønamyrvegen. 

Dette kan du få med deg i ei fellesmakering i Grønamyrvegen v/ Solsio/NAV-bygget fredag 3. mai klokka 10.00.

Ivrige aksjonistar på bussterminalen torsdag morgon. Frå venstre; ordførar Tom Georg Indrevik, Synne Øverland (Miljøløftet), Rikke Midtun (Miljøløftet), Juan Manuel Santacruz (Miljøløftet), Christian Jensen (Bedriftsidretten) og Unni Sørensen (Øygarden kommune).  - Klikk for stort bileteIvrige aksjonistar på bussterminalen torsdag morgon. Frå venstre; ordførar Tom Georg Indrevik, Synne Øverland (Miljøløftet), Rikke Midtun (Miljøløftet), Juan Manuel Santacruz (Miljøløftet), Christian Jensen (Bedriftsidretten) og Unni Sørensen (Øygarden kommune).

Sander Holmelid joggar eit par dagar i veka, og på den måten oppfyller han intensjonen i Sykle til jobben som inviterer alle til å vera med på aksjonsperidoen 3. mai – 16. juni.

- Frå eg går på bussen på busstoppet på Foldnes til eg går ut av bussen på den vidaregåande skulen i Sund går det 45 minutt. Eg er ingen ivrig syklist, men joggar to gonger for veka, seier Sander som etter fullført vidaregåande skule har planar om å ta politihøgskulen. 

Kristian Jensen i Bedriftsidretten opplyser at det er rundt 200 frå Øygarden som har meldt seg på Sykle til jobben.

- Potensialet er stort. Hugs at alle former for aktivitetar vert rekna med i denne aksjonen. Eg slår gjerne eit slag for vandrande møte (walk and talk). Alle aktivitetar bidreg til betre miljø og gjev betre folkehelse, seier han. 

Sander Holmelid på veg på bussen til Skogsvåg. - Klikk for stort bileteSander Holmelid på veg om bord i bussen til Skogsvåg.


Les meir om og meld deg på til Sykle til jobben her. 


Tekst og foto: Vigleik Brekke