Vil godkjenna plan for bustader på Storevarden

Plan- og miljøutvalet (PMU) tilrår å godkjenna detaljregulering for Storevarden på Rongøyna. Utvalet var samla til møte 2. mai. 

Leiar i plan- og miljøutvalet, Børge Haugetun - Klikk for stort bileteLeiar i plan- og miljøutvalet, Børge Haugetun

Formålet med detaljreguleringa er å leggja til rette for å byggja inntil 30 bustadeiningar i form av eine- og tomannsbustader, infrastruktur og utbetring av krysset mot fylkesveg 561. Planområdet er på om lag 49 dekar og ligg om lag to kilometer sør for Rong kommunedelsenter. 

Tilrådinga frå PMU var samrøystes. Saka vert avgjort av kommunestyret.

Legg ut plan for nye naust på Lyngøyna til høyring

Utvalet vedtok samrøystes å leggja ut detaljregulering for Lyngøyhamn ut på høyring. Planområdet er på 43 dekar og ligg på Lyngøyna, ei øy som no ikkje har fastbuande. Formålet med detaljreguleringa er å leggja til rette for å byggja seks nye naust og ei bu. 

I saksutgreiinga skriv kommunedirektøren at planområdet omhandlar eit eldre og unikt historisk kulturmiljø i form av naustbygg innerst i Lyngøyhamn. Desse er knytte til fritidsbustader på øya og er mellom 185 og 325 år gamle.
Både leiar i PMU, Børge Haugetun (Sotralista-TVØ), og Trond Ågotnes (Industri- og næringspartiet), gav uttrykk for at dei er positive til dette initiativet. Dei takka administrasjonen for saksutgreiinga og meinte det var fint at grunneigarane samla seg for å ta i vare kystkulturen på denne måten. 

Trond Ågotnes var mellom dei som helsa planar om naustbygging på Lyngøyna velkomen. - Klikk for stort bileteTrond Ågotnes var mellom dei som helsa planar om naustbygging på Lyngøyna velkomen.

Sluttbehandling av planstrategi for Øygarden kommune 2024-2027

Plan- og miljøutvalet tilrår at kommunestyret sluttar seg til planstrategi for Øygarden kommune 2024-2027 slik han ligg føre.

Utvalet slutta seg samrøystes til eit tilleggspunkt fremja av Høgre, Frp, Sotralista-TVØ og KrF om at områderegulering for Vikane skal sluttførast i planperioden. Her vil det særskilt vera nødvendig med ein gjennomgang av plankartet i lys av kartlagde fortidsminne. I dette inngår dialog med fylkeskommunen når det gjeld omsynssoner, grøntareal og eventuell frigjeving av fortidsminne. I tilleggspunktet heiter det også at det bør vektleggast ein heilskapleg områdeplan med nødvendig tilpassing for å halda kostnadane på eit handterleg nivå. Det må vidare leggjast fram ein kostnadskalkyle for ferdigstilling av planen etter at ovannemnde er vurdert. 

Utvalet tilrår også at det skal gjennomførast ein plan for vald i nære relasjonar i planperioden. 

Saka går til endeleg behandling i kommunestyret.

Det hadde kome inn seks høyringsinnspel då fristen gjekk ut 5. april. I saksutgreiinga skriv kommunedirektøren at det er viktig å bruka ressursar på å følgja opp gjeldande planar, framfor å utarbeida nye. 

Skal utgreia ny modell for bilparken

Det vart vedteke at administrasjonen arbeider vidare med å etablera bildeling og kjem tilbake med ei sak om korleis ein slik ordning kan innrettast. Bildeling skal resultera i at kostnader og tal på kommunale tenestebilar vert redusert. Administrasjonen skal utgreia ein ny modell for bilhald som inneberer at ein går over til å eiga kommunale tenestebilar.

Arbeidarpartiet fekk tilslutnad for eit tillegg om at alle kommunale køyretøy skal, om dei kan, vera utsleppsfrie.

Føreslår Arenavegen som namn på ny veg.

PMU vedtok samrøystes at namnet på den nye vegen mellom Straume og Ebbesvika skal heita Arenavegen. Kommunedirektøren tilrådde Friluftsvegen som namn på vegen.

Held fram med dagens modell for kunstgrasbanar

Utvalet vedtok at Øygarden kommune skal halda fram med dagens modell for drift av kommunale kunstgrasbanar. Administrasjonen skal til budsjettprosessen 2025 synleggjera behovet for budsjettmidlar for å drifta og vedlikehalda dei kommunale kunstgrasbanane på eit akseptabelt nivå.

Utvalet slutta seg til eit framlegg om nytt punkt tre fremja av Høgre, Frp, KrF og Sotralista-TVØ der PMU oppmodar administrasjonen til å få på plass langsiktige tilsynsavtaler for alle dei kommunale kunstgrasbanane og vedtek at ei løypemelding vert gjeven utvalet i møtet den 6. juni 2024.

Arbeidarpartiet fekk full tilslutnad til eit nytt punkt om at ved framtidig oppgradering og vedlikehald av eksisterande kunstgrasbanar, samt ved etablering av nye, bør miljøvennlege alternativ til granulat vurderast.

Vil ha meir utgreiing om flytting av Brattholmen gamle skule

Utvalet vedtok å senda saka i retur. Utvalet ber om eit best mogleg kostnadsbilete på flytting og drift. Det må vurderast om eit toalett er nødvendig for å redusera utgifter og undersøkja om det er mogleg å få støtte gjennom kulturvernmidlar. Ny dialog med utbyggjar i Maimyra må gjennomførast for å avklara og oppdatera mogleg plassering.

Skal utarbeida trafikktryggleiksplan

PMU slutta seg til innstillinga frå kommunedirektøren og vedtok å starta opp arbeidet med ein ny trafikktryggleiksplan for Øygarden kommune.

Utvalet vedtok eit tillegg, fremja av Høgre, Frp, KrF og Sotralista-TVØ, om at PMU ønskjer at Øygarden kommune i samarbeid med eit prosjekt i regi av Trygg Trafikk får med universell utforming som eitt av kriteria. Det er pr. i dag ikkje sett som ei av måloppnåingane. Personar med ulike funksjonsnedsetjingar har også behov for ei trygg trafikkavvikling, tilgjengelige gangfelt fortau m.m. Pr. i dag er ikkje leiarlinjer for svaksynte eller tilrettelagte lysovergangar implementerte i kriteria. 

PMU ønskjer at råd for personar med ned funksjonsnedsetjing får ei aktiv rolle saman med administrasjonen når det gjeld rådgjevande innspel i prosessen. Vidare ønskjer PMU ei løypemelding i møte 19/9 og 14/11 med innspel frå høyringssvar og prosess.

Tilrår å godkjenna detaljregulering for Mustadbakken, Knarrvika

I denne detaljreguleringa er det lagt opp til vidareføring av dagens industriaktivitet. Formålet med planen er å effektivisera og betra forholda for dagens drift og leggja til rette for betre miljø. Det er mellom anna lagt til rette for å riva fleire av eksisterande industribygg og å opna for nye industribygg.

Utvalet tilrår overfor kommunestyret å godkjenna detaljreguleringa for Mustadbakken. 

Andre saker

  • Utvalet vil ikkje tilrå å gjera om eit kommunestyrevedtak der områderegulering for Bildetangen vart godkjend. Dersom kommunestyret sluttar stil til tilrådinga, vert ho sendt til Statsforvaltaren i Vestland for endeleg avgjerd. 
     
  • MU tilrår å godkjenna kommunedelplan med restriksjonssone for Knarrvika industripark. Saka går til endeleg behandling i kommunestyret.
     
  • Utvalet tok kvartalsrapport for 1. kvartal til orientering.
     
  • PMU vedtok å utsetja rehabiliteringa 11-er bana på Skålevik til 2027 og utbetra denne for drift i perioden fram til rehabilitering.

    Her kan du lesa innkalling med saksdokument. 

    Møtet kan du sjå i opptak her (kommune-TV).



Tekst og foto: Vigleik Brekke