Inviterer til innbyggjarmøte

I perioden 22. mai til 13. juni vert innbyggjarane inviterte til medverknadsmøte i dei sju lokalsentera i kommunen. Kommunalplanutvalet drøfta måndag korleis ein skal få god kunnskapsinnhenting i arbeidet med arealdelen til kommuneplanen.

Frå møtet i kommuneplanutvalet 29. april - Klikk for stort bileteFrå møtet i kommuneplanutvalet 29. april

På møtet vart det orientert om oppstarten av delprosjekt lokalsenter og bygdestrategiar. Hovudformålet er å henta inn ny kunnskap, utarbeida eigne strategiar og prinsipp for arealbruk i lokalsenter og bygder og gjenbruka kjent kunnskap. Etter innspela skal ein arbeida med korleis kommunen skal bruka areala.

I samband med dette vert det invitert til møte i dei sju lokalsentera Tjeldstø, Toftøyna, Ulveset/Møvika, Knarrvika, Fjell, Stranda og Spildepollen i siste halvdel av mai og første halvdel av juni.

-    Det er stor interesse for dette, og eg er trygg på at mange vil møta opp på desse møta, seier utvalsleiar Svein Otto Jacobsen.

Det skal etablerast ein innspelsportal som vert ei viktig plattform for innhenting av kunnskap. Det er også aktuelt å arrangera «gjestebod» der ein i grupper går saman om å gje innspel til innspelsportalen. Portalen skal vera på plass når medverknadsmøta startar opp frå 22. mai.

Barnetråkk

I barnehagane og skulane har planavdelinga allereie teke i bruk verktøyet «Barnetråkk». Med dette verktøyet vert det innhenta kunnskap om korleis barna nyttar nærmiljøet. Det handlar til dømes om dei går, syklar, tek buss eller vert køyrt med privatbil til og frå skulen. På eit digitalt kart kan elevane plotta inn punkt som dei opplever er positive eller som dei mislikar. Dei kan også leggja inn ønske om forbetringar. Dette er nyttig informasjon for det vidare planarbeidet.

Arealrekneskap

På møtet i kommuneplanutvalet vart det også gjeve informasjon om arealrekneskap. Kort fortal er arealrekneskapen er eit verktøy i arbeidet med arealdelen som viser tal på kor mykje kommunen faktisk har bygd ut og kor mykje meir kommunen planlegg å byggja ut.

Her kan du lesa presentasjonane frå møtet. (PDF, 3 MB)

 

Tekst og foto: Vigleik Brekke