Her er ny vekerapport

I vekerapporten kan du lesa litt om det som har skjedd i veke 38.

Namnet på ny skule vert Bildøy ungdomsskule

Plan- og miljøutvalet (PMU vedtok på torsdag at den nye ungdomsskulen på Bildøyna skal få namnet Bildøy ungdomsskule. Det var Michael Sangolt (H) som presenterte det alternative forslaget til namn på den nye ungdomsskulen. Vedtaket var samrøystes.
Les meir 

Barna jubla for sykkelshow

Det var jubel på Spildepollen skule og Toftøy skule på onsdag då elevane og barn frå  nabobarnehagen fekk oppleva sykkelakrobatikk på sitt beste. Fleire elevar fekk også service på sykkelen sin.
- Eg syklar nesten kvar dag, seier Lotte Haganes Tingvoll (5. trinn) som går på Spildepollen.
Les meir. 

- Dette er perfekt for meg

Hilde Karin Nordvik var ein av dei mange som møtte opp på terminalen på Straume tysdag morgon for å ta bussen til Bergen.
- Eg reiser med buss frå Straume til sentrum kvar dag, seier ho.
Les meir.

Møte om helikoptertrafikk over Øygarden

I samarbeid med Avinor inviterer Øygarden kommune til ope møte den 23. september om helikoptertrafikk og helikoptertraséar over Øygarden. Møtet vert kl. 19.30 i kultursalen i Øygarden rådhus på Straume.
Les meir.

Les med meg: Bokposebibliotek opna i Spildepollen kystbarnehage

Det var stor leseglede og god stemning då Spildepollen barnehage opna det nye bokposebiblioteket «Les med meg» den 8. september. Rundt 50 barn og vaksne var samla til ei felles stund med bøker, høgtlesing, song, musikk og dramatisering.
Les meir. 

Invitasjon til veteranar i Øygarden kommune

Har du delteke i internasjonal teneste for Noreg? Øygarden kommune ønskjer å koma i kontakt med veteranar som bur i kommunen. Veteranar sit på verdifull erfaring og kompetanse frå internasjonale operasjonar. Vi ønskjer å bli betre kjende med veteranmiljøet i Øygarden og utforska korleis veteranar kan bidra i lokalsamfunnet på ulike måtar.
Les meir.

Bruk av smartbriller – presisering

Øygarden kommune ønskjer å informera om at KI-briller (smarte briller med kamera, lydopptak, kommunikasjon eller kunstig intelligens) ikkje er lov å bruka i skulen. KI-briller blir rekna som privat digitalt utstyr på same måte som mobiltelefonar, smartklokker og anna digitalt kommunikasjonsutstyr.
Les meir.

Høyring: Strategiplan for klima og energi 2026 – 2030

Strategiplan for klima og energi 2026-2030 er lagt ut på offentleg ettersyn og høyring i fire veker frå kunngjering.
Les meir.

Ordførar Tom Georg Indrevik denne veka (38)

  • 14,09.:  Sentralstyremøte i Oslo
                  Internemøte
  • 15.09.:   Frukostmøte om kraftsituasjonen   
                  Opning Universitetet i Bergen
  • 16.09.:  Sykkelshow på Spildepollen skule og Toftøy skule  
                  Møte med Statens vegvesen
                  Møte med Kallestad vel
  • 17.09.:   Dialog om arealdelen til kommuneplanen
                  Synfaring lokale til seniorsenteret
  • 18.09.-20.09.:   Ikkje til stades

Ordføraren neste veke (39)

  • 21.09.:  Interne møte
                  Møter om beredskap 
                  Nabomøte Blombakkane
  • 22.09.:   Møte Northern Light

                       Formannskapet

  • 23.09.:  Kommunestyremøte

                       Folkemøte AVINOR, helikoptertrafikk

  • 24.09.:  Presseorientering om Hamn

                      Miljøfyrtårnutdeling
                       Felles foreldremøte

  • 25.09.: KS,hovudstyremøte, Oslo (KS: fellesorganisasjon for kommunane)
  • 26.09.: Opning frivilligdagar

Varaordførar Anita Garlid Johannessen denne veka (38)

  • 14.09.:  Interne møte
                 Koordineringsutvalget
  • 15.09.:  Hovudutval for kultur, idrett og inkludering, Vestland fylke
  • 16.09.:  Hovudutval for kultur, idrett og inkludering, Vestland fylke
  • 17.09.:  Hovudutval for opplæring, kompetanse og tannhelse, Vestland fylke
  • 19.09.:  Fem vigslar