Erik Testdal vakte begeistring då han tok fleire saltoar i Spildepollen sykkelparkI samband med mobilitetsveka 2026 i regi av Miljøløftet vart det gjennomført morgonutdeling på bussterminalen på Straume på tysdag. På to skular var det sykkelshow på onsdag.
Elevane på Spildepollen fekk sjå kva Erik Testad kunne få til på BMX-sykkelen sin i sykkelparken som ligg ved skulen (BMX Bicyle Moto Cross). Han hadde reist eins ærend til Øygarden for å gje elevane eit eksklusivt sykkelshow. Han framførte mellom anna fleire saltoar. Det var populært.
Eirik Ulltang har full kontroll (frå Toftøy skule).Lotte bur i Telavåg og er ein ivrig syklist. Denne dagen tok Joachim Andreassen i Basecamp service på sykkelen hennar. Mange andre elevar fekk også service på sykkelen sin.
- Når eg kjedar meg heime, tek eg gjerne ein sykkeltur i heimbygda. Der er det fortau, og eg opplever det trygt å sykla. I tillegg syklar vi her i skuleområdet etter skuletid. Då vi hadde uteskule, fekk vi også sykla i skuletida, seier ho.
- Kva er bra med å sykla?
- Det er gøy, og det er bra for kroppen. Eg har lyst å gjera som Erik (Testdal), men eg veit at eg må trena mykje, seier Lotte Haganes Tingvoll som er glad for at dei har Spildepollen sykkelpark like ved skulen.
Lotte Haganes Tingvoll fekk service på sykkelen sin.Bruk hjelm
Ordførar Tom Georg Indrevik var til stades på begge sykkelshowa. Han oppmoda elevane om å sykla mykje og bruka hjelm.
- Då eg var elev, sykla eg også mykje. Men eg brukte diverre ikkje hjelm, måtte ordføraren vedgå.
Ordførar Tom Georg Indrevik snakka til elevane på begge skulane.På Toftøy skule var det Eirik Ulltang og Joachim Skjævestad frå Moow Show som stod for sykkelakrobatikken med trialsykling på høgt nivå. Eirik kommuniserte godt med elevane og barnehagebarna og fekk fram god stemning og engasjement.
Aron Vik (5 kl.) var ein av elevane som fekk service på sykkelen sin.
- Bakbremsen fungerer ikkje, og eg har den siste tida difor brukt bremsen framme. Ein gong var eg uheldig og sykkelen tippa rundt, seier Aron.
Aron Vik følgjer godt med når det vert gjennomført sykkelservice på sykkelen hans.Han bur på Vik, eit par kilometer frå skulen, og syklar ofte saman med andre i klassen.
- Eg syklar til og frå skulen og til fotballtrening. Det er fortau langs vegen og trygt å sykla.
- Kvifor syklar du ofte?
- Eg får frisk luft, god fart og god trening. Det kunne vore gøy å prøva seg på trialsykling, seier Aron Vik.
Her er fleire bilete frå Spildepollen:
Fleire bilete frå Toftøyna:
Tekst og foto: Vigleik Brekke