Invitasjon til veteranar i Øygarden kommune
Har du delteke i internasjonal teneste for Noreg? Øygarden kommune ønskjer å koma i kontakt med veteranar som bur i kommunen.
Ill.foto
Lars Røraas / Forsvaret
Veteranar sit på verdifull erfaring og kompetanse frå internasjonale operasjonar. Vi ønskjer å bli betre kjende med veteranmiljøet i Øygarden og utforska korleis veteranar kan bidra i lokalsamfunnet på ulike måtar.
Vi ser særleg etter veteranar som kan tenkja seg å:
- halda foredrag i skular om internasjonal teneste, fredsarbeid og demokrati
- dela erfaringar og kunnskap med barn og unge
- bidra som ressursar ved arrangement og markeringar
- vera ein del av eit lokalt veteranfellesskap
- bidra med erfaring og kompetanse i samband med beredskap og samfunnsengasjement
Det er heilt uforpliktande å ta kontakt. Vi ønskjer både å høyra frå veteranar som allereie er aktive i veteranorganisasjonar, og frå veteranar som ikkje er tilknytte noko organisert miljø.
Interessert?
Ta gjerne kontakt med veterankontakten i Øygarden kommune:
Bjørn Andersen, tlf. 906 56 836, bjorn.andersen@oygarden.kommune.no
Vi ser fram til å høyra frå deg og til å utvikla eit godt samarbeid med veteranane i Øygarden.
Takk for innsatsen du har gjort for Noreg!
Vennleg helsing
Øygarden kommune
Publisert 15.09.2026 11.40