Bruk av smartbriller - presisering
Øygarden kommune ønskjer å informera om at KI-briller (smarte briller med kamera, lydopptak, kommunikasjon eller kunstig intelligens) ikkje er lov å bruka i skulen. KI-briller blir rekna som privat digitalt utstyr på same måte som mobiltelefonar, smartklokker og anna digitalt kommunikasjonsutstyr.
Bakgrunnen for dette er at slike briller kan ta opp lyd og bilete eller gi tilgang til kommunikasjon og informasjon utan at andre er klar over det. Dette er ikkje i samsvar med skulen sitt arbeid for eit trygt, inkluderande og godt skulemiljø for alle elevar.
I forskrift om skulereglar og skuledemokrati for Øygarden kommunale skular står det:
§ 4 Reglar for orden
g) Elevar skal: Ha mobiltelefon/smartklokke og anna elektronisk utstyr avslått i skule- og SFO-tida og oppbevara dei i tråd med skulen sine utfyllande reglar, om ikkje anna er avtala med rektor.
På bakgrunn av dette blir også KI-briller omfatta av denne regelen, både i skuletida og på SFO.
Vi ber både elevar og føresette om å bidra til at dette blir følgd, slik at vi saman kan ivareta eit trygt og godt læringsmiljø for alle.
Publisert 16.09.2026 12.30