Illustrasjon av ny ungdomsskule henta frå VeidekkeSidan tidlegare Fjell kommune ikkje lenger eksisterer, og den nye skulen ikkje ligg på staden Fjell, er det behov for å vurdera namnet på den nye skulen.
Namnesaka har vore på høyring. Kommunedirektøren innstilte i samsvar med tilrådinga frå Språkrådet om å kalla skulen for Bildøyna ungdomsskule, sekundært Bjørkestølen ungdomsskule.
Det var Michael Sangolt (H) som presenterte det alternative forslaget til namn på den nye ungdomsskulen. Vedtaket var samrøystes.
Ja til oppstart av plan for Storhilderen
Plan- og miljøutvalet (PMU) godkjente oppstart av detaljregulering for Storhilderen, Straume. Forhold som er skildra i saka må bli avklart i planprosessen.
Vedtaket vart gjort samrøystes etter framlegg frå Frp, Høgre, KrF, Sotralista-TVØ.
Etter ei samla vurdering hadde kommunedirektøren kome til at det ikkje burde opnast for oppstart av planarbeid på grunnlag av det innsendte planinitiativet. I saka vart det vist uavklarte forhold som burde avklarast nærare før det kunne varslast oppstart for detaljregulering for Storhilderen.
Hovudformålet med planinitiativet er å leggje til rette for opptil 180 bustader, forretning, hotellverksemd og tenesteyting i form av helse og omsorg. Utbygginga vil vera fordelt på tre bygg med inntil fem etasjar, sju etasjar og 25 etasjar. Bygga er planlagt sentrert i austre del av planområdet, mot Foldnesvegen, med uteopphaldsareal på vestsida av bygga.
Tilrår forskrift om jakt på hjort
PMU tilrår at kommunestyret vedtek «Forskrift om opning av jakt på hjort, minsteareal som grunnlag for fellingsløyve og fellingsavgift for hjort i Øygarden kommune» slik ho ligg føre.
Forskrifta trer i kraft 25. september 2026 dersom kommunestyret gjer vedtak 23. september. Frå ikraftsetjingstidspunktet vert forskrift 18. februar 2021 nr. 550 om forvaltning av hjort, fastsetting av minsteareal, Øygarden kommune, Vestland (FOR-2021-02-18-550) oppheva.
Ny forskrift vil ikkje føre til nokon endring av gjeldande praksis og er berre eit resultat av at tidlegare praksis no må formaliserast gjennom lokal forskrift.
Legg plan for klima og energi ut på høyring
Plan- og miljøutvalet vedtok å leggja Strategiplan for klima og energi 2026-2030 ut til høyring og offentleg ettersyn i fire veker frå kunngjering. Ved endeleg vedtak av Strategiplan for klima og energi 2026 - 2030 vil planen erstatta «Handlingsplan for energi, miljø og klima 2018-2020, Fjell kommune».
Planen omfattar strategiar for reduksjon av klimagassutslepp i verksemda til kommunen og i Øygardssamfunnet. I tillegg omfattar planen strategiar for energiomstilling og klimatilpassing.
Det følgjer to protokolltilførslar til vedtaket, ein frå Frp og ein frå Høgre. Her kan du lesa protokolltilførslane. (PDF, 84 kB)
Utvalet behandla også møteplan for 2027, namnesak Sele/Sæle og tre klagesaker.
Tekst: Vigleik Brekke
Skisse: Veidekke