Kari Gåsemyr (til venstre) deler ut smudi og buff til Hilde Karin NordvikTysdag morgon frå klokka 07.00 var ordførar Tom Georg Indrevik og sekretariatsleiar i Miljøløftet, Kari Gåsemyr, på plass på terminalen saman med gode hjelparar i Miljøløftet, Ida Håkonsen og Henry Birkeland, for å dela ut smudi og buff til dei reisande. Dette er eitt av mange tiltak i den europeiske mobilitetsveka (16. – 22. september). Temaet for veka er: Grøne reiser heile livet.
Hilde Karin Nordvik bur i Straume-området. For å få logistikken til å gå opp med mange transportoppdrag med barna etter jobb, nyttar ho seg av innfartsparkeringa nokre få meter frå busstoppet på terminalen.
- I tillegg til at eg nyttar meg av innfartsparkering og buss til sentrum, går eg om lag ein kilometer frå busstoppet på Møhlenpris til jobben i Frende i Jonsvollskvartalet og tilbake etter jobb. Då får eg registrert mange tusen skritt på skritteljaren, seier Hilde.
Denne dagen har ho med seg blomar på jobb.
- I dag får eg ny medarbeidar og vil gjerne gje den nytilsette ein fin velkomst, seier Hilde Karin Nordvik som er leiar av utvikling i oppgjersdivisjonen i Frende.
Ordførar Tom Georg Indrevik og Kari Gåsemyr saman med kollektivreisande Toril Berle Schalck.Takk til dei reisande
Miljøløftet har plassert seg med stand strategisk like ved bussavgangen mot sentrum. Her strøymer folk til og frå bussane.
Denne dagen var også sekretariatsleiar i Miljøløftet, Kari Gåsemyr, på plass på bussterminalen på Straume. Det er ikkje første gongen ho er med på dette.
- Eg har vore på fleire slike morgonutdelingar. Det er kjekt å møta folk og gjerne få ein liten prat. For oss handlar det om å takka dei reisande for at dei reiser kollektivt. Vi vil jo at flest mogleg tek bussen, går eller syklar, seier Kari Gåsemyr.
Ho meiner at det er mange gevinstar med å reisa kollektivt.
- Dei som går over frå bil til buss, får også auka talet på skritt på skritteljaren. Eg trur folk opplever at det er enklare å ta overgangar enn det dei gjerne forventar. Vi vert fleire innbyggjarar, og dersom alle desse skal nytta bil, vert det berre meir kø. Det er betre å lytta til lydbok i bussen enn i bilen, meiner Kari Gåsemyr.
I Øygarden held den europeiske mobilitesveka med opplegg på Spildepollen skule og Toftøy skule på onsdag. Då vert det sykkelshow, og Basecamp tilbyr sykkelservice for 5. trinn. Miljøløftet vert også med på arrangementa på desse skulane.
Fleie bilete:
Tekst og foto: Vigleik Brekke