
Etablerer storkjøken i ny sjukeheim
Kommunestyret vedtok på møtet torsdag at det skal etablerast storkjøken i ny sjukeheim på Straume. I fellesforslaget heiter det også at kommunestyret held fast på noverande ordning med desentraliserte kjøken. I forkant av behandlinga av saka låg det føre fleire forslag til vedtak. Etter drøftinga samla kommunestyret seg om eitt forslag som vart vedteke samrøystes.
Les meir.
Ny hovudbru skal ha namnet Sotrabrua
Statens vegvesen har avgjort at den nye brua mellom fastlandet og Øygarden skal få namnet Sotrabrua. Vegkontoret har dermed avvist oppmodinga frå Øygarden kommune om å endra namnet frå Sotrabrua til Øygardsbrua. Eksisterande bru får namnet Gamle Sotrabrua.
Les meir.
30 år med verdiskaping, arbeidsplassar og framtidstru
I år er det 30 år sidan Kong Harald offisielt opna Kollsnes gassanlegg i Øygarden. I dag vart dette markert for gjester og tilsette på Equinor Øygarden.
- Gjennom disse tre tiåra har Kollsnes utvikla seg til å verta eitt av dei viktigaste energianlegga i Noreg og Europa, sa ordførar Tom Georg Indrevik då han helste til dei tilsette og gjestene.
Les meir.
Næringslivet heiar på det frivillige arbeidet
I ny episode av podkasten Rådhuset har kommunedirektør i Øygarden, Johnny Breivik, invitert banksjef i Sparebanken Norge, Camilla Nygård og assisterande dagleg leiar i Sotra Gruppen, Anita Vindenes. Temaet er korleis næringslivet støttar opp om det lokale frivillige arbeidet.
Les meir.
Følgjer opp avgjerd i KOFA-sak
Klagenemnda for offentlege anskaffingar, KOFA, har konkludert med at Øygarden kommune har brote regelverket ved å ikkje avvisa tilbodet frå ein leverandør i konkurransen om å byggja ny ungdomsskule på Bildøyna. Kommunedirektør Johnny Breivik seier at kommunen tar KOFA-avgjerda på alvor.
Les meir.
Imponerande innsats frå elevane ved Hjelteryggen skule!
På torsdag kokte det på fotballbana og i skulegarden på Hjelteryggen av liv, høgt tempo og eit brennande engasjement. Elevane gjennomførte nemleg Skuleløpet 2026, og dei sprang med hjartet utanpå drakta til inntekt for Barnekreftforeningen.
Les meir.
Treng du norskopplæring?
Vi har ledige plassar på norskkurs på dag- og kveldstid hausten 2026. Kursperide er 17. august til 18. desember. Arrangør er Øygarden lærings- og integreringssenter.
Les meir.
Ordførar Tom Georg Indrevik denne veka (25)
- 15.06.: Kystmuseet 30 år
Kontrollbesøk prosjekt bærekraftig reisemål - 16.06.: Møte m/ Telavåg Settefisk
Møte med Kulturrådet
Innlegg Statens vegvesen
Avslutningsarrangement Dale Oen Academy - 17.06.: Fjordtinget Øystese
Innlegg Sotra vidaregåande skule - 18.06.: Kommunestyret
Innlegg Sotra vidaregåande skule
Innlegg Sund Pensjonistlag - 19.06.: AU-møte Teams
Troll - Kollsnes 30 år - 20.06.: Pride i Øygarden
Skipsdåp Liegruppen
Varaordførar Anita Garlid Johannessen denne veka (25)
- 15.06.: Interne møte
- 16.06.: Møte med Telavåg Settefisk
Kulturrådet
Generalforsamling og eigarmøte i BIR - 17.06.: Junitreff, Vest Næringsråd
- 18.06.: Kommunestyremøte
Møte Frp - 19.06.. Styremøte Det Vestnorske Teater
Vigsel