30 år med verdiskaping, arbeidsplassar og framtidstru

I år er det 30 år sidan Kong Harald offisielt opna Kollsnes gassanlegg i Øygarden. I dag vart dette markert for gjester og tilsette på Equinor Øygarden.
- Gjennom disse tre tiåra har Kollsnes utvikla seg til å verta eitt av dei viktigaste energianlegga i Noreg og Europa, sa ordførar Tom Georg Indrevik då han helste til dei tilsette og gjestene.

Frå venstre: ordførar Tom Georg Indrevik, plassjef Christel Kvalvik, Troll-direktr Lill H. Brusdal og administrerande direktør Gassco Frode Leversund. - Klikk for stort bileteFrå venstre: ordførar Tom Georg Indrevik, plassjef Christel Kvalvik, Troll-direktør Lill H. Brusdal og administrerande direktør i Gassco, Frode Leversund.

Plassjef Christel Kvalvik tok til i stillinga i Equinor Øygarden for kort tid sidan. Ho var tydeleg stolt over det store olje- og gasseventyret ein har opplevd og opplever i Øygarden.

- I 30 år har Kollsnes levert gass til Europa på ein stabil og påliteleg måte. Energien skal fram. Men det er viktig å hugsa på folka som har vore med på dette. Alle har vore ein del av desse 30 åra. Det er grunn til å vera stolt av det vi representerer og har gjort, sa Christel Kvalvik.

Ordførar Tom Georg Indrevik stilte spørsmål om kva Øygarden hadde vore utan dei store anlegga i Øygarden. Det hadde mellom anna stått dårlegare til med vegstandarden. Men det handlar om meir enn teknologi, produksjonstal og eksport av tass. Det handlar om menneske, arbeidsplassar og utviklinga av eit lokalsamfunn.

- Eg var nyleg i Brussel. Kva er dei opptekne av der? Dei snakka først og fremst om energi. De som tilsette har god grunn til å fortelja at de er stolte av å levera varme og energi til Europa, sa ordføraren og gratulerte med jubileet.

Øygarden kommune fekk 183 millionar kroner i eigedomsskatt i 2025. Det aller mest av dette kjem frå olje- og gassanlegga.

Kollsnes prosessanlegg - Klikk for stort bileteKollsnes prosessanlegg Equinor

Øygarden er ein av dei store kommunane i landet når det gjeld landanlegg for olje- og gass. Equinor Øygarden omfattar oljeilandføringsanlegget på Stura og gassanlegget på Kollsnes. Equinor er også medeigar i Northern Lights (CO-2-lagring) på Ljøsøyna. Inklusive leverandørar er rundt 550 personar til dagleg i arbeid på anlegga i Øygarden.

I 1988 opna Kong Olav Stureanlegget som tek imot olje frå Osebergfeltet og tilstøtande felt. Olja vert skipa ut frå Stura i store tankskip. Troll-feltet vart oppdaga i 1979, og gassprosessanlegget på Kollsnes vart opna den 1. oktober 1996 av Kong Harald. Og det er dette som spesielt vart markert i dag.

Storprodusent av gass

Dette anlegget står for om lag 45 prosent av norsk gasseksport. Gassen går i røyr frå Troll-feltet, prosessert på Kollsnes og ført vidare i røyr til kontinentet. Frå Troll-feltet vert det også ført betydelege mengder olje til Mongstad.

Administrerande direktør Gassco, Frode Leversund - Klikk for stort bileteAdministrerande direktør Gassco, Frode Leversund

Mellom gjestene på markeringa var leiinga i Gassco og Equinor. Gassco er operatør og har ansvar for sikker og effektiv transport av gass frå norsk sokkel. 

Administrerande direktør i Gassco, Frode Leversund, seier at det vert produsert i gjennomsnitt 145 millionar kubikkmeter gass pr. døger frå Kollsnes. Med ein pris på om lag fem kroner pr. kubikkmeter, vert den daglege produksjonsverdien vel 700 millionar kroner.

- Troll vart berebjelken i utviklinga av Noreg som gassnasjon. 45 prosent av norsk eksport gass går over Kollsnes. Dette er energi som Europa er avhengig av til industri, husstandar og til å produsera kraft. Kollsnes er meir enn eit landanlegg. Det er eit system som leverer verdiar langt utover grensene til Noreg, sa Frode Leversund.

Frå venstre; Christel Kvalvik, Kjersti Nordøy og Lill H. Brusda - Klikk for stort bileteFrå venstre; Christel Kvalvik, Kjersti Nordøy og Lill H. Brusdal

Troll-direktør Lill H. Brusdal sa at det er kjekt å høyra korleis Europa ser på oss. 

- Det er viktig at vi er pålitelege og at Europa kan stola på oss. Eg er trygg på at vi vil levera gass til langt ut på 2050-talet, sa Brusdal.

Ho vart utfordra av kommunikasjonsleiar Kjersti Nordøy (Equinor Øygarden) på kva som er viktig framover.

- Det er to ting. Vi må vera stabile i forhold til Europa. Og så må vi halda fram med det gode samarbeidet mellom aktørane. Eg har stor tru på at det vil skje framover, sa Lill H. Brustad som også understreka at ein må utvikla ny teknologi og ha god samhandling framover.

Kenneth Fjeldstad og Anne Skålevik trivst godt som tilsette i Equinor Øygarden - Klikk for stort bileteKenneth Fjeldstad og Anette Skålevik trivst godt som tilsette i Equinor Øygarden

Kenneth Fjeldstad og Anette Skålevik var mellom dei tilsette som var med på markeringa i dag. Begge opplever arbeidsmiljøet som godt i Equinor Øygarden.

- Eg bur på Tjeldstø og vart tilsett her i 1995. Eg starta i Securitas her og har vore innom svært mykje forskjellig. Her har eg alltid fått høve til å prøva meg på nye utfordringar, seier Kenneth.

Anette Skålevik starta karriera her i 2005. 

- Eg gjev opplæring til personellet i kontrollrommet. Dette er ein triveleg arbeidsplass med mange gode kollegaer, seier Anette.

Her er fleire bilete:

Frå markeringa - Klikk for stort bilete
Frå markeringa - Klikk for stort bilete
Frå markeringa - Klikk for stort bilete
Frå markeringa - Klikk for stort bilete
Frå markeringa - Klikk for stort bilete
Frå markeringa - Klikk for stort bilete


Tekst og foto: Vigleik Brekke