Følgjer opp avgjerd i KOFA-sak

Klagenemnda for offentlege anskaffingar, KOFA, har konkludert med at Øygarden kommune har brote regelverket ved å ikkje avvisa tilbodet frå ein leverandør i konkurransen om å byggja ny ungdomsskule på Bildøyna.

Arbeidet med den nye ungdomsskulen starta opp 20. mai - Klikk for stort bileteArbeidet med den nye ungdomsskulen starta opp 20. mai

I klagen frå Brødrene Ulveseth AS står det at tilbodet frå valde leverandør, Veidekke, skulle vore avvist frå konkurransen som følgje av at tilbodet inneheldt vesentleg avvik frå anskaffingsdokumenta. Dette gjeld manglande oppfylte krav om dagslys for enkeltrom.
KOFA har i ein rådgjevande uttale konkludert med at tilbodet frå Veidekke skulle vore avvist. 

Øygarden kommune har bedt CMS Kluge Advokatfirma AS til å vurdera avgjerda til KOFA. 

Der vert det vist til at skisseprosjektet til Veidekke ikkje hadde teke noko atterhald mot dagslyskrava og hadde forplikta seg til å levera eit ferdig bygg som oppfylte alle krav. Utfordringane med dagslys ville bli løyste i samspelsfasen i samsvar med kontrakten. Advokaten viser også til at fire av fem tilbod i konkurransen hadde i varierande grad utfordringar med å oppfylla dagslyskrava. Dette var ikkje noko unikt for Veidekke.

Veidekke tok ikkje noko atterhald i tilbodet.

- Tvert imot skreiv Veidekke at skulebygget generelt vil kunna oppnå tilfredsstillande tilgang på dagslys, og at dette ville bli optimalisert for enkelte rom i dei neste fasane av prosjektet.

- KOFA konkluderer med at dagslysproblemet ikkje er løyst. Denne bevisvurderinga er vi ueinige i, og vi meiner ho burde ha vore langt betre grunngjeven, skriv CMS Kluge Advokatfirma.

Kommunedirektør Johnny Breivik seier at kommunen tar KOFA-avgjerda på alvor. 

- Vi undrar oss over at konklusjonen til KOFA avvik sopass mykje frå vurderingane frå dei eksterne konsulentane og juridiske rådgjevarane våre, seier han.

Kommunedirektøren understrekar at avgjerda ikkje vil få konsekvensar for framdrifta for bygginga av skulen.

Den 20. mai starta arbeidet med å byggja ny ungdomsskule på Bildøyna. Skulen skal gje plass til 610 elevar og vera klar til bruk ved skulestart i august 2028.

Avgjerd KOFA - avvising av tilbod (PDF, 177 kB)

Vurdering av KOFA-avgjerd (CMS Kluge Advokatfirma) (PDF, 120 kB)

 

Tekst og foto: Vigleik Brekke