Frå kommunestyremøtet 18. juniI forkant av behandlinga av saka låg det føre fleire forslag til vedtak. Etter drøftinga samla kommunestyret seg om eitt forslag som vart vedteke samrøystes.
Kommunestyret legg til grunn at eit nytt kjøken skal ha kapasitet til å levera middag til heimebuande eventuelt i samarbeid med private.
I vedtaket vert kommunedirektøren beden om å koma tilbake til kommunestyret med ei eiga sak om framtidig og samla kjøkkenstruktur i Øygarden kommune når arbeidet med prosjektering av den nye sjukeheimen nærmar seg ferdig. Saka skal belysa alle aspekt om kvalitet, leveranse og beredskap.
Eit framlegg frå Arbeidarpartiet vart vedteke oversendt til levekårsutvalet. Der vert levekårsutvalet bedt om å utgreia om bygging av ny sjukeheim kan planleggjast og byggjast for full kapasitet på 120 plassar frå oppstart, inkludert høve til å sikra statlege tilskot til heile prosjektet gjennom nye ordningar til Husbanken, samstundes som plassane vert tekne i bruk gradvis etter behov.
Det er venta at den nye sjukeheimen på Straume er ferdigstilt i 2030/2031.
Startar salsprosess for rådhuset
Kommunestyret vedtok å starta salsprosessen, gjennomføra forhandlingar og henta inn bod frå interessentar når det gjeld rådhustomta på Straume. Kommunestyret skal godkjenna eit endeleg sal.
Det var vidare vedteke at det i det vidare arbeidet vert vurdert å setja krav i salsprosessen til at det på tomta skal byggjast med god variasjon i bustadtypar tilpassa folk i alle aldrar og fasar av livet. Kommunestyret ber om at kommunen knyter til seg relevant ekstern kompetanse i prosessen.
I saka går det fram at kjøpet av Solsio i Straume sentrum legg til rette for ein ny kontorstruktur i kommunen og inneber at rådhuset på sikt ikkje lenger vil vera nødvendig for kommunal drift. Sal av eigedomen vil frigje nødvendige kapitalmidlar, bidra til gjennomføring av planlagde investeringar og leggja til rette for vidare utvikling av Straume sentrum. Samstundes vil dette gje kommunen ein meir berekraftig og framtidsretta eigedomsportefølje med redusert areal og lågare driftskostnader.
Eit forslag frå Sotralista-TVØ om å utsetja sal av rådhuset og sjå eit nytt administrasjonsbygg i samanheng med ny vidaregåande skule på Stovevatnet fekk to røyster og fall.
Flyttar den politiske verksemda
Det vart samrøystes vedteke å flytta den politiske møteverksemda frå rådhuset på Straume til Rong kommunedelsenter innan andre kvartal 2027. Kommunestyret ber kommunedirektøren evaluera ordninga ved slutten av valperioden i 2031.Kostnadene ved flyttinga, tre millionar kroner, skal innarbeidast i budsjettet for 2027.
Med 31 røyster vart det vedteke eit tilleggspunkt der kommunedirektøren vert beden om å leggja til rette for at råda kan halda møte i lokala til kommunen på Straume.
I saka skriv kommunedirektøren at rådhuset på Straume skal vera tømt innan første kvartal 2027. Kommunen vil då flytta dei tilsette til eksisterande bygg andre stader i kommunen.
Vil vidareføra noverande ordning med barnehageopptak
Kommunestyret vedtok å vidareføra dagens ordning med eitt hovudopptak, med løpande opptak ved ledige plassar i kommunale barnehagar resten av året. Kommunedirektøren vert beden om å halda fram med å utvikla oversikta på heimesida til kommunen, slik at ho viser tilgjengelege barnehageplassar.
Eit forslag frå Arbeidarpartiet om at det i budsjettet for 2027 vert sett av eit avgrensa tal plassar i tre kommunale barnehagar, til opptak av barn som fyller 1 år i perioden januar – mars fekk 16 røyster og dermed ikkje fleirtal.
Munter pausepratGodkjente detaljregulering for RAN seglbåthamn
Kommunestyret godkjente detaljregulering for RAN seglbåthamn i Anglavika. Formålet med planarbeidet er å sikra anlegget til seglforeininga betre mot vêr og vind ved å etablera molo på steinfylling i sjø. I tillegg ønskjer seglforeininga å utvida anlegget for å få plass til om lag 30 fleire båtplassar.
Det er også eit formål å etablera ein ny arrangementsplass i tilknyting til ny molo med tilkomst via ei bru frå eksisterande anlegg. Ut over dette regulerer planen området i all hovudsak i samsvar med eksisterande bruk.
Planområdet ligg i underkant av fem kilometer nord for region- og kommunesenteret Straume og er på om lag 55 dekar.
Endrar budsjettet
Som ei oppfølging av kvartalsrapport for første kvartal, som vart behandla av kommunestyret i mai, vedtok kommunestyret å justera budsjettet med ei ramme på om lag 20 millionar kroner slik kommunedirektøren hadde innstilt.
Kommunestyret vedtok dermed å setja av fem millionar kroner til lønsoppgjer, kompensasjon for langvakter (tre millionar kroner), liggjedøger for utskrivingsklare pasientar (4,5 millionar kroner) og auka fire plassar på paviljongen (2,4 millionar kroner). Det er også sett av ekstra pengar til auka straumutgifter, 1,5 årsverk i familiehjelpa, tilskotsordning for nyutdanna lærarar, SFO (mindre inntekter enn budsjettert) og tilskot til nærmiljøtiltak på Ekrhovda og Misje.
Det er i tillegg lagt inn eín million kroner ekstraordinær søknadsbasert støtte til frivillige lag og organisasjonar, retta mot tiltak for barn og unge. Levekårsutvalet får sak til første møte etter sommaren med forslag til tildelingskriterium.
Tilleggsløyvingane vert finansierte med rammetilskot, auka skatteinntekter (pga. lønsoppgjeret), bruk av disposisjonsfond og utbytte frå Eviny.
Det vart vedteke å oversenda eit forslag til formannskapet om at det vert utarbeidd eit notat til budsjettseminaret i formannskapet i september, som skildrar kostnader og moglegheiter for å etablera fleire kommunale avlastningsplassar som eit alternativ til kjøp av plassar i statlege og private institusjonar.
Årsmelding og rekneskap
Årsmelding og rekneskap for Øygarden kommune vart godkjende. Rekneskapen viser eit netto driftsresultat på 64,1 millionar kroner.
Øygarden 2040
I denne saka har kommunedirektøren lagt fram oppdatert kunnskapsgrunnlag om kommunen sitt samla investeringsbehov og tilhøyrande driftskonsekvensar, som del av arbeidet med Øygarden 2040.
Kommunestyret tok saka til orientering som kunnskapsgrunnlag for vidare arbeid med økonomiplan 2027–2030. Det vert bedt om at konkrete tiltak for handtering av kortsiktige behov vert lagt fram som eigne politiske saker hausten 2026, med involvering av råd og utval.
I saka skriv kommunedirektøren at det samla kunnskapsgrunnlaget viser eit betydeleg investerings- og kapasitetsbehov framover, særleg innan helse og velferd. Samstundes er dei identifiserte behova vesentleg høgare enn det kommunen realistisk kan gjennomføra innanfor gjeldande økonomiske og organisatoriske rammer.
Sluttar seg til handlingsprogram for Miljøløftet
Kommunestyret slutta seg til handlingsprogrammet til Miljøløftet for 2027–2029, slik det ligg føre.
Handlingsprogrammet viser at prosjekt i Øygarden kommune i perioden 2027 - 2029 ligg inne med omlag 467 millionar kroner. I tillegg kjem fylkeskommunalt bidrag på 52,4 millionar kroner til prosjektering og meirverdiavgift for dei to prosjekta som gjeld fylkesveg.
Byvekstavtalen forpliktar avtalepartane til å samarbeida om å nå nullvekstmålet gjennom effektiv arealbruk og ved at framtidig vekst i personbiltrafikk vert tatt med kollektiv, sykling og gonge (nullvekstmålet).
I saka er det vist til status i fire prosjekt i Øygarden.
Tar ut punkt om opsjon på leige av omsorgsbustader
Kommunestyret vedtok å endra eit punkt i tidlegare vedtak om framskaffing av 40 omsorgsbustader.
I vedtaket frå oktober 2025 står det at det skulle gjennomførast konkurranse for kjøp av nøkkelferdige omsorgsbustader med opsjon på leige. Ved vidare arbeid med konkurransegrunnlaget er det innhenta juridiske vurderingar som viser at det ikkje er tilrådd å inkludera leige som opsjon i konkurransen.
Kommunestyret slutta seg til tilrådinga frå kommunedirektøren om å ta ut formuleringa om opsjon på leige og at framdriftsplanen vert justert slik at ferdigstilling vert sett til våren 2029.
Det vart vedteke eit tilleggspunkt fremja av Sotralista-TVØ om at kommunestyret ynskjer primært at prosjektet vert lagt til kommunedelsenteret på Ågotnes dersom det ikkje bryt med reglementet for offentleg anskaffing.
Står fast på uttale i 2024 om kraftlinje
Det vart vedteke ein uttale til utgreiinga til Statnett om ny sørlege traséalternativ mellom Samnanger og Øygarden transformatorstasjonar. Kommunestyret meiner det hastar å få på plass eit tredje samband inn til regionen. Ny forsyningslinje frå Samnanger til Øygarden transformatorstasjon er avgjerande i høve forsyningstryggleik, vidare industriutvikling og beredskapsomsyn. Kommunestyret meiner det er avgjerande for framdrifta til prosjektet at NVE i utgreiingsprogrammet no avgrensar vidare arbeid til Statnett sine tilrådde alternativ i meldinga frå 2024.
Andre saker
- Kommunestyret tok kostra-analysen for 2025 til orientering, og bad om at denne vert lagt til grunn for arbeidet med økonomiplan 2027-2030.
- Kommunestyret godkjente årsmelding og rekneskap for Øygarden bustadforvaltning KF. Rekneskapen viser eit positivt netto driftsresultat på 102 tusen kroner.
- Seks nye kommunar har søkt om deltaking i Vest brann- og redningsregion KO (KO: kommunalt oppgåvefellesskap). Kommunestyret vedtok endringane i samarbeidsavtalen for Vest brann- og redningsregion.
- Fritak for politiske verv og suppleringsval
Her er innkalling med saksdokument.
Her kan du sjå møtet på kommune-TV.
Tekst og foto: Vigleik Brekke