Ny hovudbru skal ha namnet Sotrabrua

Statens vegvesen har avgjort at den nye brua mellom fastlandet og Øygarden skal få namnet Sotrabrua. Vegkontoret har dermed avvist oppmodinga frå Øygarden kommune om å endra namnet frå Sotrabrua til Øygardsbrua.

I februar 2025 utarbeidde Statens vegvesen, utbyggingsområde vest, namnesak for fleire namn langs nytt sotrasamband. Det vart føreslått å kalla den nye hovudbrua for Sotrabrua, medan eksisterande bru skulle få namnet Gamle Sotrabrua.

I høyringsrunden gjekk både Øygarden kommune og Språkrådet inn for å kalla brua Øygardsbrua. Språkrådet skreiv at brua ligg på grensa mellom kommunane Bergen og Øygarden, og heile det kystområdet som brua gir vegsamband til, høyrer til Øygarden kommune. 

- Me tilrår difor prinsipalt at den nye brua får namnet Øygardsbrua og at gamlebrua beheld namnet Sotrabrua, heiter det frå Språkrådet.

I desember 2025 konkluderte Statens vegvesen at namnet på den nye brua skal vera Sotrabrua.

I april 2026 oppmoda Øygarden kommune Samferdsledepartementet om å omgjera vedtaket og endra namnet i samsvar med uttalen frå plan- og miljøutvalet i april 2025 og kalla brua for Øygardsbrua.

I brevet til Øygarden kommune no i juni 2026 skriv Statens vegvesen at det ikkje er samd med Øygarden kommune i at vedtaket burde vore teke utanfor det regionale nivå eller sendt til departementet. Difor er det Statens vegvesen, utbyggingsområdet vest, som både har fremja namnesaka (februar 2025) og som no ikkje vil ta oppmodinga frå Øygarden kommune til følgje. Statens vegvesen viser til forskrift om stadnamn § 13 og skriv at det er vedtaksorganet sjølv som avgjer om det er grunnlag for å ta saka opp på nytt.

Etter ei samla vurdering meiner Statens vegvesen at vedtaket er fatta av rett styresmakt, at saka er tilstrekkeleg opplyst, at høyringsinnspela er vurderte og tillagde vekt, og at det ikkje ligg føre feil ved faktum, rettsbruk eller grunngjeving som gir grunnlag for omgjering.

Dermed skal namnet på det nye hovudsambandet mellom fastlandet og Øygarden ha namnet Sotrabrua.


Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Sotra Link