Podkastepisode 25: Næringslivet heiar på det frivillige arbeidet
I denne episoden av podkasten Rådhuset har kommunedirektør i Øygarden, Johnny Breivik, invitert banksjef i Sparebanken Norge, Camilla Nygård og assisterande dagleg leiar i Sotra Gruppen, Anita Vindenes.
Tema er korleis næringslivet støttar opp om det lokale frivillige arbeidet.
- Sjølv om banken no er landsomfattande, er det viktig å vera lokal. Vi vil gje endå meir til frivillig arbeid i Øygarden. Vi brenn for lokalsamfunnet, seier Camilla Nygård som nyleg på vegner av banken delte ut 12 millionar kroner til frivillig arbeid i Øygarden.
- Vårt fokus er å styrkja det frivillige arbeidet lokalt. Det kan vi gjera med litt økonomi, kompetanse, lokalitetar og til dømes strandrydding. Dette bidreg til meir frivillig engasjement og meir motiverte tilsette, seier Anita Vindenes.
Publisert 19.06.2026 07.15