Imponerande innsats frå elevane ved Hjelteryggen skule

På torsdag kokte det på fotballbana og i skulegarden på Hjelteryggen av liv, høgt tempo og eit brennande engasjement. Elevane gjennomførte nemleg Skuleløpet 2026, og dei sprang med hjartet utanpå drakta til inntekt for Barnekreftforeningen.

Frå skuleløpt på torsdag - Klikk for stort bileteFrå skuleløpt på torsdag

Dei tilsette ved skulen melder om ein uforgløymeleg dag prega av samhald og ei heilt enorm løpeglede. Anten elevane heldt koken i 30 eller 45 minutt, gav alle absolutt alt i løypa rundt skulen og fotballbana.

Tala frå gårsdagen talar for seg sjølv – dette er ikkje mindre enn fantastisk:

  • 1 685 rundar vart til saman lagde bak seg av dei flinke elevane!
  • Kvar einaste elev sprang i snitt utrulege 12,9 rundar.
     

Både lærarar og andre tilsette er djupt imponerte og stolte over kva barna fekk til. Vi i kommunen kan ikkje anna enn å seie oss heilt samde og ta av oss hatten for denne innsatsen!

Har du lyst til å støtta innsatsen til Hjelteryggen-elevane for ei utruleg viktig sak? Den digitale innsamlingsaksjonen til skulen er framleis open for alle som vil bidra – anten du er forelder, nabo, besteforelder eller lokalpatriot.

Støtt innsamlinga til Hjelteryggen skule her: www.spleis.no/499001?s=c

Hurra for den fantastiske gjengen på Hjelteryggen skule!

 

Tekst og foto: Helge Lunden