
Vil byggja skule til 200 elevar
Plan- og miljøutvalet (PMU) tilrår at den nye skulen i Skålvika skal ha plass til 200 elevar og ein hall som er dimensjonert som ein fleirbrukshall i samsvar med innspel på frå idrettsrådet. Det er i saka om ny skule på Skålevik - avklaringar for fase 1, at utvalet tilrådde desse føringane på møtet på torsdag.
Les meir.
Held fram med noverande vaksinepraksis
Administrasjonsutvalet behandla på møtet på måndag denne veka ei sak om praksisen kommunen har om influensavaksine. Utvalet slutta seg til tilrådinga frå kommunedirektøren om halda fram med noverande vaksinepraksis for tildeling av influensavaksine slik det er gjort greie for i saka.
Les meir.
Jublar over rekordinntekter til kreftsaka
På torsdag var 22 personar frå næringslivet i full sving med å ringja kollegaer for å samla inn til Krafttak mot kreft. Torsdag ettermiddag i 16-tida var det kome inn 680 tusen kroner. Dette er 10 tusen kroner meir enn i fjor og meir pengar kan siga inn på kontoen. Den lokale koordinatoren Hans Jarle Einarsen er overvelda over resultatet.
Les meir.
Det er kult å vera snill
Elevrådsmedlemer, rektorar og kontaktlærar for skulane på mellomtrinnet var samla til «Snill e kult» i ODEON Kino Sotra torsdag denne veka.
- Dette er veldig bra. Det hjelper til at elevar vert inkluderte. Vi får også besøk av folk utanfrå som har opplegg for oss, seier Manha Rashid (7.k.) som er leiar i elevrådet på Hjelteryggen skule.
Les meir.
Skyss lanserer ny app
Frå 9. mars kjem Skyss med ein heilt ny app der du kan planleggja kollektivreisa og kjøpa billett på same stad. Endringa vil påverka kollektivbrukarar i heile Vestland, inkludert i kommunar der Skyss tilbyr bestillingstransport. Namnet på den nye appen er Skyss.
Les meir.
- Vi kan samarbeida meir
- Vi treng endå meir samarbeid mellom dei frivillige laga og kommunen. Vi må samhandla betre mellom det frivillige og kommunen, sa Jacob Henrik Hellesund på eit innbyggjarmøte på Rong tysdag ettermiddag. Han var ein av dei 15 personane som hadde funne vegen til innbyggartorget og biblioteket.
Les meir.
Stengde leia under Sotrabrua på onsdag
I samband med at det vert etablert gangbru/arbeidsplattform for den nye hovudbrua på Sotrasambandet, vart leia mellom fastlandet og Litlesotra planlagt stengt på onsdag 4. mars. Onsdag 4. mars klokka 09.00 – 12.00 var leia stengd for all trafikk.
Les meir.
Ordførar Tom Georg Indrevik denne veka (10)
- 02.03.: KS Strategimøte (KS: fellesorganisasjon for kommunane)
- 03.03.: Innbyggjarmøte Rong
- 04.03.: Dialog med SAFT Klokkarvik
- 05.03.: Møte om båtrute til/frå Geitanger
Opning av prosjekt Snill er kult
Ringedugnad Krafttak mot kreft
Møte med SAFE Choice - 06.03.: Omvising på Straume, Råd for menneske med nedsett funksjonsevne
(Vestland fylke)
Ordføraren neste veke (11)
- 09.03.: Interne møte
Møte med Øygarden Idrettsråd
Besøk på Tednebakkane omsorgssenter
Dialog om vedr Lundaneset
- 10.03.: Føredrag for Diabetesforbundet
- 11.03.: Kick Off for reiselivet i Øygarden
- 12.03.: Årskonferanse for Offshore Norge Oslo
- 13.03.: Dialogmøte med VNR
Generalforsamling i Sambygg og Ågotnes Næringspark - 14.03.: Offisiell opning av Junior NM for lag – Badminton Sotra Arena
Innlegg for Alver Høgre
Ope for alle og Sartor Padel
Varaordførar Anita Garlid Johannessen veka (10)
- 02.03.: Interne møte
Administrasjonsutvalet
KS Strategimøte (KS: fellesorganisasjon for kommunane) - 03.03.: Strategikonferanse KS Vestland
- 04.03.: Møte med SAFT, Klokkarvik
- 05.03.: Møte om båtrute til/frå Geitanger
Opning Snilt er kult
Møte med Safe Choice