Frå møtet med innbyggjarar på Rong tysdag ettermiddagØygarden kommune har på nyåret invitert til to møte for å få dialog med innbyggjarane om kommunedelsentera som møteplass. Den 20. februar var det samling i Skogsskiftet, og på tysdag var turen komen til Rong.
Det var fleire som peika på at det er eit rikt frivillig arbeid i Øygarden og at mange jobbar på dugnad. Men likevel kan det samarbeidast endå meir.
- Vi som bur her må gå saman og tenkja større. Vi kan danna noko lokalt, men vi må ta tak i det sjølv, sa senterleiar på Rong, Marita Torsvik Solås. Ho meinte også at det er ei stor ulempe at bassenga er stengde i feriane. Ho etterlyste kreative løysingar for å halda bassenga opne i ferietida.
Marita Torsvik SolåsPå same måte som i Skogsskiftet var det nokre som meinte at det var godt tilbod på innbyggartorget og biblioteket på Straume, men mindre på dei to kommunedelsentera. Det vart også peika på at informasjonen om kva som skjer på kommunedelsentera er for dårleg.
Politisk sak
Det var ordførar Tom Georg Indrevik som ønskte velkomen til samlinga.
- Tusen takk for at de tok dykk tid til dette. Det er ulike tankar om kva vi gjer og ikkje gjer på kommunedelsentera. Vi ønskjer dialog med innbyggjarane. Etter dei to møta i Skogsskiftet og her på Rong vil kultur laga ei politisk sak med oppsummering og oppfølging, sa ordføraren.
Jacaob Henrik Hellesund ønskjer endå betre samarbeid mellom det frivillige arbeidet og kommunen.Indrevik vart utfordra til visa seg meir i denne delen av kommunen. Den utfordringa tok han på sparket.
- Eg tek dykk på ordet og lovar at eg skal ha kontordagar mellom anna her på senteret, repliserte ordføraren.
Han orienterte også om planane for kommunedelsenteret.
- Vi tek sikte på å gjennomføra kommunestyremøte og andre politiske møte på kommunedelsenteret, sa ordføraren.
Dette vart applaudert av dei frammøtte som gav uttrykk for at dette var eit godt grep for den nordre delen av kommunen.
Kva kan reverserast?
Rune Titlestad viste til at det er fleire kommunale tilbod som er reduserte i utkantane i kommunen dei seinare åra. Han viste mellom anna til redusert bassengtilbod og nedlagt barnehage.
Rune Titlestad- Det er så låg temperatur i bassenget at barna kvir seg for å bruka det. Omsorgssenteret får færre barnehagebesøk etter at Terna barnehage vart lagt ned. Det bør leggjast til rette for transportstøtte slik at barnehagane på Blomvåg og Toftøyna kan besøka omsorgssenteret. Vi vil gjerne vita kva nedlagte tilbod som kan reverserast, sa Titlestad som også ønskte seg betre aktivitetstilbod til ungdom, særleg i helgane.
Evelyn JohannesenEvelyn Johannesen viste til at det tidlegare var fleire arrangement på innbyggartorget og biblioteket. Biblioteksjef Yngvild Wiese sa at det på nokre arrangement var svært dårleg oppslutnad, men at det vil koma fleire arrangement seinare.
Liv Paulsen RongLiv Paulsen Rong meinte at innbyggartorget må vera ope meir enn to dagar slik det er i dag. Ho overleverte eit omfattande skriftleg innspel der ho peika på ei rekkje aktuelle tiltak for alle aldersgrupper. Ho peikar mellom anna på at Hjeltefjorden, Fjordparken, det gamle rådhuset, skulane og kulturhuset kan brukast meir enn tilfellet er i dag.
Kva meiner du om kommunedelsentera som møteplass?
Her kan du anonymt gje oss innspel på kva du meiner kan gjerast for å skapa attraktive kommunedelsenter og innbyggartorg/bibliotek.
Send innspel om kommunedelsentera
Tekst og foto: Vigleik Brekke