Frå venstre; Liam Olsen Kaland, Emma Martinussen og Manha RashidDet er Rolf Øvretveit som har teke initiativ til dette prosjektet. Sparebanken Norge sponsar «Snitt e kult» med 250 tusen kroner. Andre samarbeidspartnarar utanom skulane er Barnas Røde Kors, Basecamp, MOT og Sotra vidaregåande skule.
Det var ordførar Tom Georg Indrevik som sparka det heile i gang. Han gav stor ros til initiativtakar Rolf Øvretveit.
- Dette kan bidra til at du er den som tar kontakt med nokon som ikkje har det bra. Ta ansvar og stå opp for andre. Du kan gjera ein forskjell, sa ordføraren.
Ordførar Tom Georg Indrevik saman med elevar på barne- og ungdomsarbeidarlinja på Sotra vidaregåande skuleRolf Øvretveit sa at han hadde møtt ein elev som ikkje hadde det bra og at det var det som gjorde at ideen om «Snill e kult» skaut fart. Han ville ikkje fokusera så mykje på utanforskap, men det å vera snill.
Dei tre elevrådsmedlemene på Hjelteryggen seier at dei trivst på skulen og set stor pris på å få vera med på dette. Dei meiner dei med dette prosjektet kan verta endå snillare med kvarandre.
- Eg kjenner til at det er nokre som opplever å vera åleine på skulen. Vi deler litt oss imellom å vera med dei som har det slik. Lærarane har hjelpt oss å finna rom vi kan bruka, seier Liam Olsen Kaland (5. kl.).
Emma Marthinussen (5. kl.) seier at det er ei ordninga på skulen med trivselsleiarar
- Vi har leikar i skulegarden der vi prøver å få med dei som ikkje har så mykje å gjera på. Det er gjerne kanonball, bandy, bøttestafett eller supermus. Minecraft på fredagane er populært, seier ho.
Rolf ØvretveitPå samlinga i kinosalen orienterte barne- og ungdomsleiarlinja på Sotra vidaregåande skule om korleis dei arbeider med dette temaet. Ei av dei var Maria Baardsen som går andreåret.
- Dette er eit svært fint prosjekt. Vi lærer at vi skal vera positive overfor kvarandre. Vi kan mellom anna stimulera elevane til å vera med på tur. Eg opplever at enkle ting som å setja seg ned og lesa saman med ein elev hjelper godt. Eg skulle ønskt at også vi hadde hatt eit slikt opplegg då vi gjekk på barneskulen, seier Maria som ønskjer å arbeida med barn.
Frå venstre; Manha Rashid, Camilla Nygård, Emma Martinussen, Rune Straume, Liam Olsen Kaland og Anita Garlid Johannessen (varaordførar).Rolf Øvretveit er tydeleg på at dette prosjektet var heilt avhengig av bidraget frå Sparebanken Norge. Seniorrådgjevar Rune Straume og banksjef Camilla Nygård var på plass og overrekte ein symbolsk sjekk.
- Det er alltid best å ves snill. Snakk med ho som ikkje alle flokkar seg om. Ver ein ven. Sjå kvarandre og ikkje la nokon vera utanfor fellesskapet, sa Rune Straume.
- Elevråda har ei utruleg viktig rolle. Takk, Rolf, for at du lagar eit så kultur prosjekt, sa Camilla Nygård.
Seinare på dagen fekk elevane og dei ein god lunsj servert av kokkelinja på Sotra vidaregåande skule. Det var gruppearbeid der det vart utarbeidd ein avtale som skal henga i alle klasseromma. Dei som hadde tid, kunne avslutta dagen med gratis bowling, biljard eller shuffleboard.
Her er fleire bilete:
Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Vigleik Brekke og privat