Vil byggja skule til 200 elevar

Plan- og miljøutvalet (PMU) tilrår at den nye skulen i Skålvika skal ha plass til 200 elevar og ein hall som er dimensjonert som ein fleirbrukshall i samsvar med innspel på frå idrettsrådet.

Drøfting i pausen - Klikk for stort bileteDrøfting i pausen.

Det er i saka om ny skule på Skålevik - avklaringar for fase 1, at utvalet tilrådde desse føringane på møtet på torsdag.

I utgangspunktet skulle ikkje saka gå vidare til kommunestyret. Men etter avklaring i ein pause i møtet vart det lagt til ei formulering om at administrasjonen skal leggja fram eit notat til kommunestyret der det vert vurdert om føringane vil utløysa moglege plankrav. Dermed går saka vidare til behandling i kommunestyret.

Det heiter vidare i tilrådinga at dersom det etter anbodsprosessen viser seg at kostnadsramma går utover den vedtekne ramma i budsjettet, skal saka koma tilbake til kommunestyret.

Forslaget fekk sju røyster (Høgre, Frp, KrF og Sotralista – TVØ). Mindretalet (Ap, Sv og INP) røysta for kommunedirektøren si innstilling om å byggja skulen til 150 elevar og byggja idrettshall tilsvarande volleyballhall.

Silje Ulveseth (Ap) - Klikk for stort bileteSilje Ulveseth (Ap) argumenterte for og røysta for å byggja skulen for 150 elevar.

Legg plan for Straume til offentleg ettersyn

Plan- og miljøutvalet vedtok at områderegulering for Straume sentrum nord vert lagt ut til offentleg ettersyn.
Med åtte røyster vart det vedteke at plangrensa i aust skal reduserast, slik at grønstruktur o_G1 vert teke ut av planframlegget. Plandokumenta skal endrast i samsvar med dette før offentleg ettersyn. Mindretalet (Ap og SV) røysta for kommunedirektøren si innstilling.

Utvalet slutta seg samrøystes til at innanfor omsynssona H910 skal områdereguleringsplan for riksveg 555 Sotrasambandet parsell Kolltveit - grense Fjell/ Bergen kommune med planid 124620130001 framleis gjelda uendra, jf. føresegna § 5.4.

Utvalet slutta seg også samrøystes til eit forslag frå Arbeidarpartiet om at plan- og miljøutvalet legg til grunn at dei områda som er sett av til bustadformål, skal utviklast med eit variert utval av bustadtypar og storleikar. Målet er at folk i ulike livsfasar og hushald kan finne eigna bustader i regionsenteret. Det er viktig at områdeplanen støttar opp om dette. Planen skal bidra til ein meir tilgjengeleg bustadmarknad, gode oppvekstvilkår og eit inkluderande bumiljø.

I saksutgreiinga går det fram at kommunen eig eller kjem til å overta hovuddelen av planområdet. Då det framleis går føre seg anleggsarbeid, er ikkje eigedomane formelt overført på kommunen. Fylkeskommunen er ein sentral aktør i området, som skal overta eigedomar og utvikla kollektivterminal. Fylket skal også kjøpe tomta som den nye vidaregåande skulen skal byggjast på. 

Formålet med områdereguleringa er å styrkja og vidareutvikla sentrum ved å leggja til rette for ei meir heilskapleg, tydeleg og samanhengande sentrumsutvikling. Planområdet skal utfylla eksisterande funksjonar, gi rom for fleire tenester og møteplassar, og legga til rette for eit levande og attraktivt sentrumsliv.

Vil avklara arealformål om tidlegare barnehage

Kommunestyret har tidlegare vedteke å selja gamle Glesnes barnehage med atterhald om at ny arealdel i kommuneplanane opnar for bustadformål på tomta.

I etterkant har det vore dialog mellom administrasjonen og Øygarden bustadforvaltning KF (ØBF) om å rehabilitera og tilbakeføra bygga til bustader, både for å stansa vidare forfall og for å greia ut bruk som kommunale utleigebustader/pilot for generasjonsbustader.

Kommunedirektøren ønskjer politisk avklaring av disposisjonsrett og vidare prosess før tiltak vert sett i verk.
Etter framlegg frå Høgre, Frp, KrF og Sotralista-TVØ tilrår utvalet med åtte røyster at kommunedirektøren gjev Øygarden bustadforvaltning KF disposisjonsrett til å føreta tiltak som i hovudsak gjeld utvendig rehabilitering og arbeid som stansar vidare forfall. Det vert oppmoda til at eigedomen gjennom ny arealdel til kommuneplanen (KPA) vert vurdert endra til arealføremål bustad og avhenda til Øygarden bustadforvaltning KF. 

Mindretalet på to medlemer (Ap) røysta for innstillinga frå kommunedirektøren om å visa til tidlegare vedtak om sal av gamle Glesnes barnehage og opprettheld vedtak om at eigedomen ikkje skal seljast før arealføremålet er avklart i arealdelen til kommuneplanen. Kommunedirektøren skal sikra bygga så langt økonomiske rammer tillèt det for å avgrensa vidare forfall.

Saka går til endeleg behandling i kommunestyret.

Her kan du lesa innkalling med saksdokument.

Her kan du sjå møtet på kommune-TV.
 

Tekst og foto: Vigleik Brekke