Skyss lanserer ny app

Frå 9. mars kjem Skyss med ein heilt ny app der du kan planleggja kollektivreisa og kjøpa billett på same stad. Endringa vil påverka kollektivbrukarar i heile Vestland, inkludert i kommunar der Skyss tilbyr bestillingstransport. 

Bilete av gamal og ny app - Klikk for stort bileteSkyss samlar alt i eín app.

Namnet på den nye appen vert Skyss.

Skyss opplyser på nettsida at det no vert enklare for deg å finna, planleggja og betala for reisa. Alt dette kan du gjera på denne appen. I den nye appen kan du både planleggja kollektivreisa og betala for billetten, for alle reiser med Skyss (bybane, buss og båt) i heile Vestland fylke.

Dersom du brukar appen Skyss Reise i dag, treng du ikkje gjera noko. Appen vert automatisk oppdatert. Du treng ikkje bruka appen Skyss Billett lenger. I den nye appen kan du også kjøpa billett. Merk at du ikkje får med deg opparbeidd rabatt over i den nye appen eller flytta billett frå Skyss Billett til den nye appen. Oppteninga av reiserabatt startar på nytt i den nye appen. Du kan bruka Skyss Billett ei stund til. Det er dermed mogleg å venta til du får brukt ein allereie kjøpt billett.

Skuleskyssbillettar er ikkje inkludert i den nye appen. Det kjem seinare.

Slik kan du kjøpa billett i den nye appen:

  • Du kan klikka på fana «Billett» og velja «Kjøp billett». Her vel du type billett, billettkategori og kor du skal reise frå og til.
  • Du kan klikka på fana «Billett» og velja ein billett under «Hurtigkjøp». Dette er ein billettype du har kjøpt før.
  • Du kan kjøpa billett via reisesøk. Klikk på fana «Reise» og vel kor du skal reisa frå og til. Når du har valt reise, kjem det opp kva billett du treng, øvst. Klikk på «Kjøp billett».


Av tekniske grunnar vil ikkje alle brukarar få oppdatering til den nye appen på sjølve 9. mars. Utsendinga av ny app vil skje over ein to-vekers-periode. iPhone-brukarar treng ikkje å venta på tur, men kan sjølv velja å lasta ned den nye appen frå Appstore.

På nettsida til Skyss finn meir informasjon om den nye appen.


Tekst: Vigleik Brekke
Foto/logo: Skyss