Held fram med noverande vaksinepraksis

Administrasjonsutvalet behandla på møtet på måndag denne veka ei sak om praksisen kommunen har om influensavaksine. Utvalet slutta seg til tilrådinga frå kommunedirektøren om halda fram med noverande vaksinepraksis for tildeling av influensavaksine slik det er gjort greie for i saka.

Frå møtet i administrasjonsutvalet 2. mars. - Klikk for stort bileteFrå møtet i administrasjonsutvalet 2. mars.

Eit tilleggsforslag frå UNIO om å få kostnadsoversikt på kva det vil kosta kommunen å gje  tilsette i barnehagane influensavaksine, fekk fem røyster. Fem medlemer i utvalet røysta imot. Med likt tal røyster får leiar av administrasjonsutvalet, varaordførar Anita Garlid Johannessen, dobbel røyst. Dermed vart dette tilleggsforslaget avvist.

Sesongvaksinasjon av personar i målgruppene er ei lovpålagt kommunal oppgåve. Med dagens bemanning innan dette feltet er vaksinasjon avgrensa til vaksinering av gruppene i vaksenvaksinasjonsprogrammet (VVP). Det er ikkje ekstra helsepersonell å avsjå til ei utvida ordning med vaksinering til andre, og difor må einingar utanfor målgruppa ta ein stor del av ansvaret for organisering sjølv.

I saka skriv kommunedirektøren at han ikkje ser at det er tungtvegande argument for å utvida vaksinasjonstilbodet til fleire grupper enn dei som er nemnt ovanfor. Skulle situasjonen endra seg og Folkehelseinstituttet kjem med nye tilrådingar, vert ordninga vurdert på nytt og justert i samsvar med nasjonale retningsliner.

Redusert sjukefråvær

Sjukefråværet i Øygarden kommune har gått svakt ned frå 10,49 prosent i 2024 til 10,16 prosent i 2025. Dette går fram av statistikken som vart presentert på administrasjonsutvalet på måndag.

Sjukefråværet i Øygarden kommune er relativt stabilt sett over fleire år, men 2024 står fram som eit toppår med høgare fråvær enn normalt og 2025 viser teikn til betring, sjølv om tala enno ikkje er endelege. 

Samla sett følgjer sjukefråværet eit tydeleg og stabilt sesongmønster, med høgast sjukefråvær i vintermånadene og lågast i sommarmånadene. Dette er eit typisk mønster i kommunal sektor, og samsvarer med kjende svingingar knytt til luftvegssmitte, belastningstoppar og ferieperiodar. 

Det vert gjennomført ei rekkje tiltak som skal bidra til lågare sjukefråvær. Dette er «Jobben gjer frisk», digitale løysingar, leiarstøtte, styrking av lokale partsgrupper, fokus på einingar med høgt sjukefråvær, tiltak mot muskel- og skjelettplager, kvinnehelse og pilotprosjektet «Våre folk».

Administrasjonsutvalet tok sjukefråværsrapport for perioden til orientering.

Svak auke i talet på avvik

Utvalet tok rapport om kvalitetssystem Compilo i 2025 til orientering. Statistikken viser at det er ein auke i melde avvik på om lag fire prosent. I fjor var det registrert 8 935 avvik.

Avviksstatistikken viser at det er tilsette i kommunalsjefområda Helse og velferd og Oppvekst som melder flest avvik. Innan HMS avvik, er det på avvikskategori «Vald mot tilset» at dei tilsette melder flest avvik.

I Compilo er det mogleg for tilsette å melda både avvik og forbetringsforslag. Avviksmeldingar og forbetringsforslag gjer det mogleg for organisasjonen å korrigera og forbetra tenestene. Avvik handlar om å oppdaga, melda, retta opp og førebyggja uønskte hendingar på arbeidsplassen.

Her kan du lesa innkalling med saksdokument.


Tekst og foto: Vigleik Brekke