Ein stor dugnadsgjeng kan gle seg over rekordresultat.
Anders Ekanger
Dette er 10 tusen kroner meir enn i fjor og meir pengar kan siga inn på kontoen. Den lokale koordinatoren Hans Jarle Einarsen er overvelda over resultatet.
- Eg er strålande nøgd med resultatet så langt og ikkje minst den jobben den gode dugnadsinnsatsen frå den gode gjengen i dag. Det kan godt henda at vi passerer 700 tusen kroner, seier han.
Også regionleiar i Kreftforeningen i Vestland fylke, Geir Vangsnes, var på plass. Han er storleg imponert over det ein får til i Øygarden.
- Her ute vert det vist eit fantastisk engasjement for kreftsaka. Å koma til Øygarden er som å koma til gode vener. Seinare skal det her ute gjennomførast dør til dør-aksjon og stort utearrangement på Ågotnes helga 6. og 7. juni. Til dør til dør-aksjonen har vi behov for fleire innsamlarar, seier han.
Frå ringjedugnaden på torsdag.Denne ringedugnaden er gjennomført i samarbeid med Thon Senter Sartor (tidlegare Sartor Storsenter) i 16 år. Vest Næringsråd er vertskap og stiller med lokale og bidreg sjølv i dugnaden. Dagleg leiar Kari-Anne Landro har vore med i mange år, først som ordførar og seinare som dagleg leiar i næringsrådet.
- Her er det næringslivet som ringjer til næringslivet. Eg opplever at mange er glade for at vi ringjer. Alle kjenner nokon som er ramma av denne sjukdomen, seier ho.
Hans Jarle Einarsen er takksam for kvar einaste ein som er med på ringjedugnaden og alle dei som bidrar med pengar til Krafttak mot kreft. Totalt har det gjerne kome inn rundt eín million kroner i dei ulike aksjonane gjennom året.
- Det er ny rekord på ringjedugnaden i år. Eg er overvelda over det fantastiske engasjementet som vert vist i denne aksjonen, seier Einarsen.
Hans Jarle Einarsen gler seg over det gode resultatet.Ordførar Tom Georg Indrevik gler seg over det store engasjementet.
- Det er flott at så mange brukar tid til noko som er godt for fellesskapet, seier han.
På nettsida til Kreftforeningen kan du lesa om korleis du kan støtta kreftsaka.
Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Anders Ekanger og Vigleik Brekke