
Høgt oppe og langt inne
- Når vi ser dimensjonane på dette, må vi seia at vi er heldige. Det seier ordførar Tom Georg Indrevik etter at han saman med varaordførar Anita Garlid Johannessen og kommunedirektør Johnny Breivik fekk omvising på brutårnet og i den nye vegtunnelen på Kolltveit på fredag.
Les meir.
- Gje innspel til planprogrammet til arealdelen til kommuneplanen!
Leiar i kommuneplanutvalet, Svein Otto Jacobsen, peikar ut mot båthamna sør på Liaskjeret.
- Her nede er det faktisk mange som prøver fiskelukka. Eg er overraska over kor mykje som er regulert til småbåthamner, seier han. I desse dagar er han mest oppteken av å få inn merknader og kommentarar til planprogrammet til arealdelen til kommuneplanen.
Les meir.
Nye sykkelstativ på sykkelhotellet på Straume
- Vi håpar at folk vil oppleva det meir attraktivt å bruka sykkel når dei reiser med buss. Det seier mobilitetsrådgjevar i Øygarden kommune, Christoph Beidenhauser, etter at det sist veke vart montert nye, trygge og smarte sykkelstativ på sykkelhotellet. Det er Miljøløftet som har finansiert dei nye sykkelstativa.
Les meir.
Får forskingsbasert kunnskap om livsstilskurs
Øygarden kommune har ei utfordring knytt til overvekt samanlikna med Vestland fylke og tal på landsbasis, i følgje tal frå Folkehelseoversikta. Det finst mange ulike førebyggande tiltak retta mot betre helse i kommunen, men det er avgrensa med tilbod til vaksne med overvekt. Livsstilskurs i regi av friskliv og meistring er eitt tiltak knytt mot overvektsutfordringa i kommunen.
Les meir.
Arbeider for god overgang frå barnehage til skule
Å slutta i barnehage for så å starta på skulen, er ein av dei store overgangane i eit barn sitt liv. Nokon gler seg, andre gruer seg og nokre gjer kanskje begge delar, gru-gler seg. Sist veke var dette temaet for ei samling i regi av Språkkommunen. Gode prosedyrar for overgangen mellom barnehage til barneskulen er viktig for å skapa tryggleik og ein god skulestart.
Les meir.
Byttar ut tryggleiksalarmane
Som ein konsekvens av at 2G-mobilnettet skal leggjast ned, må også alle tryggleiksalarmane byttast ut. Natt til 4. november vert 2G-nettet sløkt i regionen vår.
Les meir.
Tilskot til inkludering av barn og unge
No kan du søkja støtte til tiltak for inkludering av barn og unge – søknadsfrist 31. oktober.
Frivillige lag, organisasjonar og kommunale aktørar i Øygarden kan no søkja om støtte til aktivitetar som fremjar inkludering av barn og unge.
Les meir.
Ordførar Tom Georg Indrevik denne veka (44)
- 27.10.: Interne møte
Møte i petroleumskommunane (PKU) - 28.10.: Møte med Sotra VGS
Møte om Havexpo
Middag med WindCatcher - 29.10.: Innlegg leverandørdag Windcatcher
Møte i Høgre, kommunalutval – Oslo - 30.10.: Møte i Høgre, kommunalutval – Oslo
- 31.10.: Digitalt AU-møte
Lunsj i parken
Ordføraren neste veke (45)
- 03.11.: Interne møte
Møte med Telavåg
Besøk fra Statsråd Stenseng
Arrangement Bergen Havn - 04.11.: Plankonferanse Vestland fylkeskommune
Lansering av juleheftet - 05.11.: Politiråd
Møte på Stortinget – Oslo - 06.11.: EØS/EFTA, formøte – Teams
Besøk CCB om forvarsprosjektet
Kommunestyremøte - 07.11.: Opning av DIG Læringskonferansen – Knappskog skule
Øygardskonferansen - 08.11.: Budsjettkonferanse
- 09.11.: Sentralstyremøte Høgre, Oslo
Varaordførar Anita Garlid Johannessen neste veke (44)
- 27.10.: Interne møte
- 28.10.: Møte med Sotra VGS
- 29.10.: Privat avtale
- 31.10.: Lunsj i parken
Varaordføraren neste veke (45)
- 03.11.: Interne møte
Møte med Knutec - Gruppemøte - 04.11.: Plankonferanse
- 05.11.: Politiråd
- 06.11.: Kommunestyre
- 07.11.: Øygardskonferansen
- 08.11.: Budsjettsamling
- 09.11.: Markering krystallnatta