- Gje innspel til planprogrammet til arealdelen til kommuneplanen!

Leiar i kommuneplanutvalet, Svein Otto Jacobsen, peikar ut mot båthamna sør på Liaskjeret.
- Her nede er det faktisk mange som prøver fiskelukka. Eg er overraska over kor mykje som er regulert til småbåthamner, seier han. 

Frå venstre; Beate Bjelland, Lisbeth Selstø og Svein Otto Jacobsen. - Klikk for stort bileteFrå venstre; Beate Bjelland, Lisbeth Selstø og Svein Otto Jacobsen.

I desse dagar er han mest oppteken av å få inn merknader og kommentarar til planprogrammet til arealdelen til kommuneplanen. Det er særleg strategiane i planprogrammet kommunen no ønskjer å få innspel til. 

Kommunestyret vedtok 21. oktober å leggja ut planprogrammet med strategiar ut på høyring fram til og med 7. desember. Planprogrammet vert venteleg vedteke av kommunestyret 22. januar 2026.

Saman med nestleiar i utvalet, Beate Bjelland, og areal- og samfunnsplanleggjar Lisbeth Selstø har Jacobsen teke turen ut til båthamna på Liaskjeret. Ei spørjeundersøking frå juni 2025 viser at det er stor variasjon på småbåthamnene i Øygarden, men at majoriteten av anlegga har ein kapasitet på opp til 40 båtplassar. Kapasiteten er mest pressa i den sørlege delen av kommunen.

- Arbeidet med arealdelen til kommuneplanen så langt har vist at folk er opptekne av at vi skal ta vare på naturen og tilgangen til sjø. Det vart også peika på at til dømes småbåthamner må plasserast på eigna plasser. Generelt er folk opptekne av privatisering og korleis vi kan ta vare på bygdene, seier ho.

Opne møte

Det vert invitert til opne medverknadsmøte om planprogrammet med strategiar:

  • Tysdag 11. november kl. 18,00 på innbyggartorget og biblioteket på Straume
  • Torsdag 13. november kl. 13.00 – 15.00. Innspelsmøte for næringslivet på kultursalen på Øygarden rådhus på Straume


Svein Otto Jacobsen vedgår sjølv at han er ein utålmodig mann og at han ser fram til at den endelege arealdelen til kommuneplanen skal vedtakast av kommunestyret våren 2027. Planen gjeld for 12 år fram til 2039.

- No er det altså strategiane til planprogrammet vi ønskjer tilbakemelding på. Eg gjentar det eg har sagt heile vegen at alle skal verta høyrde, men ikkje alle får viljen sin. Alle kan koma med merknader, også privatpersonar, seier han.

Areal- og samfunnsplanleggjar Lisbeth Selstø har forståing for at det kan vera vanskeleg for folk å forstå at arbeidet med denne planen er ein lang prosess med ulike steg. 

- Konkrete innspel til arealplanen kan folk koma med frå februar 2026. Då vert det invitert til kontordagar på innbyggartorga og biblioteka, seier ho.

For å ha eit godt kunnskapsgrunnlag til å fastsetja arealbruken, er det utarbeidd fleire rapportar og utgreiingar. Les meir om kva kunnskap vi har arbeidd med her: Kunnskapsgrunnlag.

Her kan du lesa framlegget til planprogram og gje innspel.

Her finn du alt du treng vita om arealdelen til kommuneplanen 2027-2039.


Tekst og foto: Vigleik Brekke