Her står dei 126 meter over havet. I bakgrunnen er brutårnet på Drotningsvik-sida. Frå venstre; ordførar Tom Georg Indrevik, kommunedirektør Johnny Breivik, prosjektleiar Lene Sælen Rivenes, prosjektleiar Håkon Matre og prosjektleiar tunnel, Markus Halland.Dei fekk ta heisen og kom seg 126 meter over bakken og nyta ei fantastisk utsikt i alle himmelretningar frå brutårnet på Knarrvika.
- Det er mektig å oppleva kor omfattande dette prosjektet er. Eg har stor respekt for alle som bidreg til å få dette til. Det er dedikerte folk som arbeider med dette, seier Tom Georg Indrevik.
Sotrasambandet, som er eit OPS-prosjekt (offentleg-privat-samarbeid), har ei ramme på 23 milliardar kroner. Sotra Link skal drifta veganlegget i 25 år. Prosjektet gjev 9,4 kilometer veg med fire felt, 14 kilometer med fortau og sykkelvegar, 12,5 kilometer med tunnelar, 22 bruer og viaduktar og 19 undergangar.
Hovudbrua vert 30 meter brei, 900 meter lang og får 145 meter høge tårn.
Anita Garlid Johannessen og Markus Halland langt inne i tullelen under Kolltveit.Sambandet skal etter planen opna for trafikk 1. juni 2027. Etter det skal tilførselsvegane og forskjønning fullførast.
Prosjektleiar i Statens vegvesen, Lene Sælen Rivenes, seier at for tida er rundt 1 200 personar engasjert i prosjektet.
- Vi ligg framfor skjema nokre stader og bak andre stader. Til dømes vil driving av tunnelane vera ferdig i januar neste år i staden for mai.
Det viktigaste som står for døra i prosjektet no er gjennomslag i alle tunnellane og få brutårna ferdige.
- Kva vil trafikantane merka mest av omlegging av trafikken fram mot jul og i vinter?
- Det folk vil merka best er endringar på riksveg 555 ved rampa til og frå Loddefjord. Dette kan endra kapasiteten på riksvegen og få størst innverknad på trafikken, seier Sælen Rivenes.
Brutårnet på Knarrvika.Markus Halland (Statens vegvesen) er prosjektleiar for tunnel. I dag fekk kommuneleiinga omvising inne i tunnelen under Kolltveit.
- Vi er nå ferdig med vegger og tak i dei to tunnelløpa på 950 meter. Elektroarbeidet har starta opp. Arbeidet har stort sett gått som planlagt, men vi har gjennomført litt meir injisering enn det vi trudde på førehand. Fjellkvaliteten har vore som forventa og sikringa har gått som planlagt, seier han.
Halland seier at det har vore svært mykje steinuttak etter ein periode med mykje tunneldriving. Dette vil avta no når mesteparten av tunneldrivinga på dei ulike arbeidsområda er fullført .
Her er fleire bilete:
Tekst og bilete: Vigleik Brekke