Arbeider for god overgang frå barnehage til skule
Å slutta i barnehage for så å starta på skulen, er ein av dei store overgangane i eit barn sitt liv. Nokon gler seg, andre gruer seg og nokre gjer kanskje begge delar, gru-gler seg. Sist veke var dette temaet for ei samling i regi av Språkkommunen.
Frå samlinga i kultursalen i Øygarden rådhus 22. oktober.Gode prosedyrar for overgangen mellom barnehage til barneskulen er viktig for å skapa tryggleik og ein god skulestart.
Språkkommunen Øygarden ønskjer å leggja til rette for gode prosedyrar for overgang mellom barnehage og skule slik at skulestarten blir trygg og god. Møtepunkt mellom pedagogar og leiing i barnehage og skule er viktig for å få kunnskap om kvarandre sin pedagogikk og metodikk. Kulturmøte blir slike møtepunkt gjerne kalla.
Onsdag 22.oktober 2025 var om lag 60 pedagogar og leiing frå barnehage og barneskule samla til overgangsnettverk i kultursalen på rådhuset.

Høgskulen på Vestlandet, som er Språkkommunen sin høgskule-partnar, snakka klokt og viktig om leiken sin eigenverdi under overskrifta: « Frå barnehage til skule- med leiken i fokus». Tilhøyrarane fekk høyra fine praksisforteljingar frå Naustvika barnehage, Ågotnes skule og Skogsvåg skule.
Årshjulet for overgang mellom barnehage og skule skal reviderast, og med gode tilbakemeldingar frå dei som jobbar i barnehage og skule, kan Språkkommunen snart leggja fram eit oppdatert årshjul for overgang.
Tekst og foto: Ranveig Bungum, Avdelingsleiar pedagogisk psykologisk ressurssenter
Publisert 27.10.2025 09.09